mandag 27. november 2017

Ja, vi elskar lutefisk!

Lutefisk er full av god smak og med lange tradisjonar set lutefisken stemninga saman med godt tilbehør. Til lutefisk er min favoritt irrgrøn ertepuré, den har frisk smak og tek kort tid å lage, i tillegg brukar eg sprøsteikt bacon og mandelpotet som tilbehør.

Lutefisk er utvatna tørrfisk, som vert behandla med lut av oske eller kaustisk soda, og deretter vatna ut igjen. Nokre lagar framleis lutefisken sjølv, men dei fleste av oss kjøper ferdig utvatna lutefisk i butikken.

Det er mange forklaringar på kva som var startpunktet for lutefisken. Det er frå brann i eit tørrfisklager i Lofoten, der verdifull oskedekt fisk ikkje kunne kastast. Nokre vaska derfor den akseklede fisken, kokte den og oppdaga lutefisken. Ein mindre sensasjonell forklaring er at nokon med dårlig tid tok i bruk lut for å få raskare utvatning av tørrfisken, og det enda opp som lutefisk.

I motsetnad til klippfisk og tørrfisk er lutefisk eit nordisk fenomen, og den er i høgste grad ein av Norges viktigaste tradisjonsrettar. Det er høgsesong for lutefisk no i november og desember og for mange av oss er dette er «himmel på jord» i matvegen!

LUTEFISK: Ja, vi elskar lutefisk i Norge! Foto: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.


Ingrediensar til 4 porsjonar

2 kg  lutefisk
2 ss  salt
150 g  bacon 

Ertepuré
350 g  frosne selskapserter
1 ts  sukker
2 ss  smør
1 ts frisk  timian
 salt og pepar 

Tilbehør
mandelpotet 

Framgangsmåte
·         Sett steikjeomnen på 200 °C.
·         Legg lutefisken med skinnsida ned i ei langpanne.
·         Dryss på salt og dekk med aluminiumsfolie.
·         Bak lutefisken midt i steikeomnen til den er gjennomkokt, ca. 40 minutt.
·         Skjær bacon i små terningar og legg dei i kald steikepanne. Steik på lav varme til det er gyldent, sprøtt og feittet har stekt ut. Tilsett ekstra smør dersom baconet er magert.

Ertepuré
·         Kok erter møre i vatn tilsatt sukker.
·         Hell av overflødig vatn og mos ertene med stavmiksar. 
·         Rør inn smør og timian, og smak til med salt og pepar.

Server lutefisk med bacon, ertepuré og kokt potet. Nokre vil også ha riven brunsost, sennep og sirup som tilbehør, dette kan løfte måltidet til nye høgder!

Tips: Dersom du vil ha fast lutefisk dryss du salt over og let lutefisken stå kjølig eit par timar. Hell av vatnet som vert trekt ut og skyll deretter lutefisken i kaldt vatn.



fredag 10. november 2017

Ein smak av Brasil med klippfisk Moqueca

Brasil er Sør-Amerikas største stat og den femte største i verda, både i folketal og areal. I Brasil er det offisielle språket portugisisk og befolkninga bur i hovudsak langs den lange kysten mot Atlanterhavet, der mesteparten av landet har tropisk klima.

Brasil er eit av dei viktigaste eksportmåla for norsk klippfisk og det vert sagt at ei dyktig brasiliansk kvinne skal kunne lage 365 ulike klippsfiskrettar. Dette betyr at brasilianarane elskar råvara frå Norge og har ei stor bredde av rettar som dei kan lage av klippfisk.

Moqueca er ein tradisjonell brasiliansk rett og i denne oppskrifta frå byen Salvador møter norsk klippfisk både frukt og kokosmjølk frå tropane. Moqueca betyr lapskaus på portugisisk og resultatet vert ei salt og søt sjømatgryte med smakar frå Brasil. Norsk klippfisk i tropisk drakt gir ei ny sjømatoppleving!

BRASIL: Klippfisk møter frukt og kokosmjølk frå tropane i retten Moqueca frå Brasil . Foto: Norges Sjømatråd, Marco Terranova.



Ingrediensar til 4 porsjonar

800 g  klippfisk, utvatna og reinska
1 stk  papaya eller mango
1 stk  grøn paprika
8 stk  cherrytomat
1 stk  lauk
6 stk  vårlauk
2,5 dl  olivenolje
5 dl  kokosmjølk
salt 
Tilbehør
ris 

Framgangsmåte

·         Skjer klippfisk i serveringsstykke.
·         Skjer papaya eller mango og paprika i terningar.
·         Del cherrytomat i to, grovhakk lauk, og finhakk vårlauk. 
·         Bland papaya eller mango og alle grønsakene godt saman og del i to like store delar.
·         Ha eine halvparten i ein kasserolle saman med olivenolje og kokosmjølk.
·         Kok under stadig omrøring i 15 minutt. Det skal tjukne litt.
·         Tilsett resten av grønsakene og klippfisk, og kok vidare på svak varme i ca. 15 minutt utan å røre.
·         Smak til med salt.

Server gryta med kokt ris.