søndag 22. desember 2019

Julehøgtid med kveite med urtesaus og lakserogn på menyen


Fisk og sjømat er gode variasjonar frå jula sine mektige kjøtmåltid. For vår kystbefolkning har både fersk torsk og kveite sterke juletradisjonar og frå gamal av heitte det seg at husbonden måtte sitte på nausttaket om han ikkje klarte å skaffe julefisk. Det var stor skam dersom fisken mangla til jul.

Romjulsmiddag med kveite er ein av jula sine beste middagar, mange vel den klassiske varianten med å trekke den i lettsalta vatn, med kokte gulrøter, potet og eggesmør til. Årets julekveiteoppskrift er pannesteikt kveite, der ein steiker kveitestykka lett og let dei kvile etterpå. Det viktigaste med kveite er uansett å gjere trekkinga eller steikinga på lav temperatur, slik at kveita ikkje blir tørr.

Julekveita er feit og fin, og det passar godt med litt friske og syrlege sausar til. Helgas oppskrift er rett og slett ein saus med base i fiskekraft og fløyte, med mykje friske urter i og sjølvsagt sitron. Fargespelet på tallerkenen med friske og grøne aspargesbønner, toppa med oransje lakserogn, gjer denne retten til ein julefest. Ha ei fredeleg og god jul!


KVEITE: Julehøgtid med kveite med urtesaus og lakserogn på menyen. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
4 kveiteskiver
1 ss grovt salt
1 ss smør
1 ss olivenolje

Saus
1 ts frisk basilikum
1 ts frisk timian
1 ts frisk oregano
1 ss smør
2 ss kveitemjøl
1 ½ dl fiskekraft
1 dl kremfløyte
1 ss sitronsaft
salt

Tilbehør
aspargesbønner
poteter
lakserogn

Framgangsmåte
Dryss salt over kveitestykka  og la dei ligge i ca. 15 minutt. Skyl av saltet og tørk godt. Steik kveita på middels varme i olivenolje og smør til den er gylden, ca. 2 minutt på kvar side. La stykka kvile.

Saus
Finhakk basilikum, timian og oregano. Smelt smør i ei kasserolle, rør inn kveitemjøl og la blandinga frese i ca. 1 minutt. Ha i fiskekraft og la det småkoke i 2-3 minutt. Tilsett kremfløyte og gi sausen eit oppkok. Ha i basilikum, timian og oregano og la sausen småkoke nokre minutt. Smak til med sitronsaft og salt. Server kveite med lakserogn, urtesaus, aspargesbønner og poteter.

Tips: Fiskekraft kan erstattes med fiskebuljong.


fredag 6. desember 2019

Safrangraven laks - nydeleg tradisjonsmat


Gravlaks er rå laks som er marinert i salt og sukker. Populære krydder i gravlaks er dill, fennikel, svart pepar, safran, ingefær, einebær, korianderfrø og peparrot. Gravlaks kan også marinerast med aquavit, konjakk eller anislikøren Pernod, men det gjer ingenting å sløyfe alkohol i ingredienslista. Å lage tradisjonsrik gravlaks er enklare enn du trur, du kan tilpasse krydder slik at laksen smakar akkurat slik du likar best.

All fisk som skal gravast, bør djupfrysast i 3 døgn på førehand for å drepe eventuelle snyltarar i fiskekjøtet, eller ein kan fryse fisken etter graving. Gravlaks vert ofte som servert som forrett i tynne skiver på rugbrød eller med kokte poteter med dill- eller sennepsaus. Gravlaks er god tradisjonsmat til juleselskap og er ein klassikar på julekoldtbordet. Helgas oppskrift er safrangrava laks, denne smakar nydeleg og lagast i ein fei. Ha ei fin adventstid!


GRAVA LAKS: Safrangraven laks er nydeleg tradisjonsmat. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (8 pers)
½ dl salt
1 dl sukker
1 ss kvit pepar
1 g safran
3 ss Pernod
1 stk stjerneanis
1 ts fennikelfrø
1,5 kg laksefilet med skinn

Framgangsmåte
Skyl laksen i kaldt vatn, tørk godt, og skjer vekk synleg feitt og hinner. Støyt safran, pepar, stjerneanis og fennikelfrø i ein morter. Bland safran, pepar, stjerneanis, fennikelfrø, salt og sukker. Gni blandinga godt inn i laksen, slå Pernod over og dekk til med plastfolie. La laksen stå romtemperert til krydderblandinga begynner å smelte og trekke inn i laksen, ca. 30 minutt. Legg lett press på laksen og la den stå i kjøleskapet i minst 1 døgn.

Gravet laks som ein lagar sjølv er haldbar i kjøleskap inntil 7 dagar. Grava laks kan også frysast.



søndag 24. november 2019

Smak sesongens lutefisk med chorizopølse og soyasaussmør


Lutefisk er ein av dei eldste matrettane i Norge, og ingen veit heilt sikker når eller korleis den oppsto. Det vi i alle fall veit i dag er at hovudingrediensen er skrei, helst frå Lofoten, som tørkast under open himmel i omtrent eit halvt år. Etter tørkinga skal fisken vatnast ut i  fem dagar eller meir, og neste trinn er å legge fisken i lut.

Luten er ei blanding av vatn og kaustiks soda som er ei basisk løysing, og her skal fisken godgjere seg i 2-3 dagar. Kor lenge fisken lutast avgjer kor fast eller geléaktig den blir. Til slutt og før den kan etast, må fisken igjen vatnast ut i 4- 6 dagar. Å lage til lutefisk er altså ein lang prosess og sesongens lutefisk er oftast klar i oktober og november.

Tilbehøyret til lutefisk er viktig for at middagen skal bli ein suksess. I helgas oppskrift er det lutefisk med ny vri med sterk spansk chorizopølse, soyasaussmør, irrgrøn ertepurè og mandelpoteter til. Lutefiskelskarar over heile landet går ei herleg tid i møte og med Norges Sjømatråd sitt slagord: «Lutefisk elskere, elsk ikveld», ønsker eg alle ei riktig god helg!


LUTEFISK: Smak sesongens lutefisk med chorizopølse og soyasaussmør. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 pers)
2 kg lutefisk
2 ss salt
50 g chorizopølse
pepar
aluminiumsfolie

Ertepuré
500 g frosne erter
1 ½ dl kremfløyte
3 ss frisk mynte
salt og pepar

Soyasmørsaus
1 dl fiskekraft
1 ½ dl kremfløyte
3 ss soyasaus
2 ts maisenna
50 g smør

Tilbehøyr
Mandelpoteter

Framgangsmåte
Set steikeomnen på 200 °C. Skjer lutefisken i serveringsstykke og legg dei med skinnsida ned i ei langpanne med kantar. Drys på salt og la dei ligge i 30 minutt. Slå av vatnet som vert trekt ut. Kvern pepar over fisken og dekk langpanna med aluminiumsfolie. Steik lutefisken i steikeomnen i ca. 40 minutt. Skjer chorizo i tynne skiver og rist dei i tørr steikepanne.

Ertepuré
Bland erter med kremfløyte og hakka mynte, og gi det eit oppkok slik at ertene tinar. Mos alt saman og sil puréen. Smak til med salt og pepar.

Soyasmørsaus
Kok opp fiskekraft, kremfløyte og soyasaus, rør inn maisennajamnar og la sausen koke i 2 minutt. 
Rør inn kaldt smør rett før servering. Server lutefisken med ertepuré, chorizopølse, soyasmørsaus og kokte poteter ved sidan av.

Tips: Dersom du vil ha fastare lutefisk drys salt over og lar lutefisken stå kjølig eit par timar. Slå av vatnet som trekk seg ut og skyl deretter lutefisken i kaldt vatn.


fredag 8. november 2019

Club sandwich med torsk er smart mat i farta!


Club sandwich er eigentleg eit smørbrød med to lag pålegg mellom tre brødskiver. Vanlegvis vert skivene skjert i trekantar og haldne saman av ein trepinne. Dagens oppskrift er dermed ein litt forenkla variant med pålegg mellom berre to skiver, altså eit saftig smørbrød.

Nokre matrettar slik som club sandwich er klassikarar og det er gjerne smakane på pålegget og tekstur (rista brød) som rett og slett er ein kombinasjon som fungerer. Retten finn ein ofte på pub, strandbar og det finnast vel knapt eit hotell som ikkje har club sandwich på menyen for room servise.

Travle kvardagar der ein etter jobb og skule skal raskt over i fritidsaktivitetar, må ein av og til ty til enkle og raske løysingar til middag. Det tek 20 minutt å lage denne club sandwichen med torsk som  er enkel, mettande og ein sunn middag i farta. Velbekomme!


CLUB SANDWICH: Club sandwich med torsk er smart mat i farta! Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 



Ingrediensar (4 pers)
600 g torskefilet, utan skinn og bein
1 ss grovmalt pepar
1 ts timian
2 ss smør
1 ss olivenolje
100 g bacon

Dressing
2 dl lettrømme
1 ss sennep
1 ts sukker

Tilbehør
2 tomat
8 blad romanosalat
8 skiver landbrød

Framgangsmåte
Skjer torsken i porsjonsstykke. Bland pepar og timian, og snu torsken i krydderblandinga. Dryss torsken med salt og steik i ei blanding av smør og olivenolje, ca. 3 minutt på kvar side. Steik bacon sprøtt og la det renne av på eit tørkepapir.

Dressing
Bland sammen ingrediensene til dressingen. Smak til med litt sennep og sukker.

Tilbehør
Skjer tomat i skiver og vask salaten. Rist brødskivene.

Ha torsk, bacon, dressing, tomat og salat på halvparten av brødskivene. Ha resten av brødskivene over, og server.

mandag 4. november 2019

Portugisisk bacalao er ein fest!


Portugal ligg i det sydvestlege Europa på Den iberiske halvøya og har lang kystlinja mot Atlanterhavet. For portugisarane har klippfisk av torsk vore ein viktig del av kosthaldet i fleire hundre år. Årsakene er mange, men fiskeri på Newfoundland, den katolske kyrkje si faste og klippfiskens haldbarheit og næringsverdi er viktige faktorar.

I middelalderen «tvang» den katolske kyrkje gjennom ei rekke fastedagar. Faste betydde at ein ikkje kunne ete kjøt, men det var lov å ete «kald» mat. Fisk, sjøfugl og kval vart rekna som kald mat sidan den kom frå havet. I ei periode var det for ein god katolikk forbode å ete kjøt nesten halvparten av året. Klippfisk var dermed ypparleg fordi den var lovleg, tilgjengeleg og hadde ein konsistens og ei tillagingsform som fungerte godt som eit substitutt for kjøtrettane.

For vanlege arbeidsfolk i Portugal hadde klippfisk god haldbarheit og næringsverdi, og det var billig. Denne maten kunne lagrast og vere reserve til dårlege tider. Dette var også eigenskapar som var heilt nødvendige for sjøfarar og oppdagarar som reiste ut i verda for å oppdage nytt land og sjøvegar. Det finnast mange oppskrifter på bacalao og Portugal skryt av at dei har ei oppskrift for kvar dag i året. Her kjem ei av dei, god appetitt!


BACALAO: Portugisisk bacalao er ein fest! Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
500 g utvatna og reinska klippfisk
500 g potet
2 lauk
2 fedd kvitlauk
2 ss frisk bladpersille
50 g grøn oliven
2 egg
1 dl olivenolje
1 ts pepar

Tilbehøyr
Loff

Framgangsmåte
Sett steikeomnen på 180 °C og skjær klippfisken i bitar. Skrell potet og lauk, og skjer i skiver. Finhakk kvitlauk og persille, skjer oliven i ringar, og hardkok egg. Legg potet og lauk lagvis i botnen av ei smurt, eldfast form. Ha kvitlauk, persille og oliven over, og legg klippfiskbitane på toppen. Slå olivenolje over klippfisken, og dryss med pepar. Steik midt i steikeomnen til klippfisken er ferdig og potetene er møre ca. 35-45 minutt.

Server bacalao toppa med hardkokt egg i skiver, og loff ved sidan av.


mandag 14. oktober 2019

Møt hausten med sursøt seisuppe med skaldyr


Vi har passert haustjamndøgn og overgangen frå sommar til vinter merkast godt. Mørkare kveldar, mindre solvarme og temperaturmålaren viser kjøligare dagar og netter. Når det er kaldt ute er det ingenting som smakar så godt som varm, heimelaga fiskesuppe og med brød til er det ein komplett middag.

Seisuppa i dag inneheld reker utan skal, men går rekeskalet ofte rett i boset? Ikkje kast skal rekeskala, men kok heller kraft som du kan bruke i supper og sausar. Fres rekeskala lett i ei gryte med olje tilsett lauk, kvitlauk og heile peparkorn. Dekk deretter rekeskala med vatn og la det småkoke i 30 minutt, skum av og sil krafta. Denne krafta smakar mykje betre enn kraft frå pulver og terningar.

Dagens oppskrift er med sei, blåskjel og reker. Med heimelaga fiskekraft av rekeskal løftar du suppa til nye høgder, saman med den sursøte smaken frå sylta graskar. Dette ei skikkeleg god og smakfull haustsuppe!

FISKESUPPE: Møt hausten med sursøt seisuppe med skaldyr. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 pers)
400 g skinn og beinfri seifilet
300 g blåskjel
200 g reker utan skall
2 gulrot
1 purrelauk
4 dl kvitvin
2 ss smør
2 ss kveitemjøl
2 l fiskekraft
50 g sylta graskar
2 ss frisk graslauk
3 dl matfløyte
1 ss eddik
1 ss sukker
Salt

Tilbehør
Godt brød

Framgangsmåte
Skjer sei, gulrot og purrelauk i terninger. Skrubb blåskjella og kontroller at alle skjella er lukka. Kast tvilsomme skjell. Damp blåskjellene i litt av kvitvinen til skjellene opnar seg, ca. 3 minutt. Sil av krafta og set den til side. Ta skjellmaten ut av nesten alle skjella, men la nokre vere igjen i skjella som pynt. Smelt smør i ein kasserolle og rør inn kveitemjølet. Spe med krafta frå blåskjela, fiskekraft og resten av kvitvinen og la suppen koke inn noko. Ha sei, gulrot, purrelauk, sylta graskar og finhakka graslauk i suppa, kok opp og la den trekke til seien er kokt, ca. 2 minutt. Ha i matfløyte og smak til med eddik, sukker og litt salt, den skal smake svakt sursøtt. Varm opp til kokepunktet og ha i blåskjel og reker. La stå til blåskjell og reker er varme, ca. 1 minutt.

Server suppen med godt brød ved siden av.


fredag 27. september 2019

Salto i munnen med Klippfisk à la Saltimbocca


Saltimbocca er ein italiensk kjøtrett. Den er samansett av kalvekjøt som bli banka til snitsel og steikt med tynn spekeskinke og salvie festa på toppen. Det vert sagt at retten vart offisielt godkjent i Venezia i 1962, og at saltmibocca betyr «salto eller hopp i munnen».

Om ein søker på internett etter denne retten, kan ein sjå at det finnast mange variantar av saltimbocca, og at både kylling og fisk kan vere hovudingrediens. Signaturen på saltimbocca er at rettane har lokal spekeskinke og salvie festa med tannstikkar på toppen.

Norges sjømatråd har laga ein norsk variant med råvarene klippfisk med fenalår, men tilbehøyret er typisk italiensk, nemleg polenta. Polenta betyr kunst korn og er ein tjukk maisgraut som etter koking kan steikast eller grillast. Smakane av Saltimbocca med lett bitter salvie på toppen, gjer verkeleg salto i munnen!


KLIPPFISK: Salto i munnen med Klippfisk à la Saltimbocca. Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd. 

Ingrediensar (4 pers)
600 g utvatna og reinska klippfisk
4 skiver fenalår
4 stilk salvie
olje
tannstikkar

Polenta
2 dl polenta
½ dl riven Jarlsbergost
1 ss smør
olje

Tilbehør
Blanda salat

Framgangsmåte
Skjer klippfisk i porsjonsstykke og tørk dei med tørkepapir. Legg ei skive fenalår og ein stilk salvie på toppen av kvart fiskestykke, og fest med tannstikkar. Pensle undersida av klippfiskstykka med olje og steik på middels varm grill eller steikepanne til dei er så vidt gjennomsteikt, ca. 4 minutt.

Polenta
Lag polenta etter anvisning på pakken. Rør inn riven ost og smør, og fyll grauten i ei lita form. La forma stå kjølig til grauten blir heilt stiv, og skjer den i jamne stykke. Pensle polentastykka med olje og grill dei ca. 1 minutt på kvar side.

Server klippfisk med polenta og salat ved sidan av.


fredag 13. september 2019

Sprøbakt laks marinert i sitronskal, parmesan og persille


Våre kystnære områder utgjer eit stort potensiale for sjømatproduksjon, og lakseoppdrett finn vi i mange fjordar langs kysten vår. Laksefakta orienterer om at det er viktig at produksjonen er berekraftig, skjer innan for kva miljøet toler og at mattryggleiken er høgt prioritert.

Oppdrettslaks har tidlegare hatt dårleg rykte, men Laksefakta fortel er at antibiotikaforbruket i lakseproduksjon er redusert med 99 prosent sidan 1987, og med andre ord nesten ikkje i bruk i dagens lakseproduksjon. Vitenskapskomiteen for Mattrygghet har vurdert næringsstoff og helsegevinst på den eine sida, opp mot risiko på den andre sida. Konklusjonen er at gevinsten ved å ete fisk veg opp for den ubetydelege risikoen for miljøgift og framandstoff i maten.

Laks er delikat på farge, smak og konsistens og denne råvara kan vi altså ete trygt. Helgas oppskrift er saftig marinert laksefilet som gir ei smakfull og sprø hinne på toppen. Lakseretten smakar himmelsk godt av sitronskal, parmesan og persille. Ha ei fin hausthelg!


LAKS: Sprøbakt laks marinert i sitronskal, parmesan og persille. Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
600 g laksefilet, utan skinn og bein
4 porsjonar fullkorn pasta
1 sitron
4 ss parmesan
4 ss frisk persille
2 ss olivenolje
1 ts salt
Aluminiumsfolie

Salat
1 mango
1 grøn paprika
½ raudlauk
3 vårlauk
1 ss frisk koriander
16 cherrytomat

Framgangsmåte
Set steikeomnen på 225 °C. Legg laksen på eit stykke alumuniumsfolie. Kok pasta etter anvisning på pakken. Riv sitronskal og parmesanost, og finhakk persille. Bland det saman i ei skål, og rør inn olivenolje og salt. Ha blandinga over laksefileten og pakk igjen aluminiumsfolien. Bak laksen i steikeomnen i 20 minutt.

Salat
Skjer mango og paprika i terningar, finhakk raudlauk, vårlauk og koriander, og del cherrytomatar i to.
Bland salatingrediensane saman.

Server ovnsbakt laks med pasta og salat.


fredag 30. august 2019

Poke Bowl er den nye sushien


Poke bowl er kjent som surfarane sin sushi og er sunn gatemat frå Hawaii. Likar du sushi vert poke bowl raskt ein ny favoritt, ingrediensane er ganske like og kan varierast i det uendelege med ris, grønsaker og marinert sjømat.

Poke er det hawaiiske verbet for å skjere eller kutte og til forskjell til sushi ligg risen i botnen av bollen og grønsaker og sjømat ligg oppkutta kvar for seg på toppen. Å lage poke bowl går raskt og det tek 15 minutt å lage denne retten.

Retten passar godt som lunsj, rask middag eller til kveldssnacks. Pokebowl smakar ekstra godt på varme sommardagar og er også godt no når det går mot haust. På Instagram kan du søke på #pokebowl #pokè #pokelovers og nyte dei fine bilda av retten frå mange ulike land!


POKE BOWL: Poke Bowl er den nye sushien. Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd. 



Ingrediensar (4 pers)

500 g laksefilet, utan skinn og bein
4 pors fullkornris
2 mango
2 avokado
5 vårlauk
4 ss soyasaus
2 ss sesamolje
2 ss svarte sesamfrø
1 ts sriracha chilisaus

Tilbehøyr
Soyasaus

Framgangsmåte
Skjer laks i terningar. Kok fullkornsris etter anvisninga på pakken. Skjer mango og avokado i terningar, og vårlauk i ringar. Bland saman soyasays, sesamolje, sesamfrø og sriracha chilisaus, og vend inn lakseterningane. Ha ris i bollane og topp med mango, avokado og laks. Server gjerne med soyasaus ved sidan av.

Torsk i omn er god kvardagsmiddag


Statens institutt for forbruksforskning seier at ingenting har det så travelt som ein død fisk. I snitt tek det tre dagar før fersk fisk når butikken og ferskheita har kort levetid hjå forhandlar. Fisk som er merka med «frozen at sea» vert filetert ein gong den kjem opp frå havet og vert fryst på båten. Frosen fisk som frysast på båt og som vert rett tina, har like god kvalitet som fersk fisk.

Frossen fisk er kjekt å ha i frysaren og enkelt å ta opp til tining i kjøleskap kvelden før du skal lage ein fiskemiddag. Det er utruleg lettvindt å ha frosenfisk tilgjengeleg til raske fiskemiddagar og studiar visar at forbrukarar i liten grad smakar forskjell på fersk og tint fisk.

No er sommarferien over, ungane har kome i gong på skule og barnehage, ja kvardagen er her. Det er viktig å få fisk inn på vekemenyen og torsk bakt i omn er noko av det enklaste du kan lage. Bruk tint frosen fisk i denne retten og du kan bruke det du har av grønsaker i kjøleskapet dersom du ikkje har dei som står i oppskrifta. Sausen kan du også variere etter eige ønske, lykke til!


TORSK: Torsk i omn er god kvardagsmiddag. Foto: Ingvar Eriksson, Norges sjømatråd. 



Ingrediensar (4 pers)

800 g torskefilet, utan skinn og bein
1 purrelauk
2 stilkar selleri
2 gulrot
5 dl vatn
12 cherrytomat
1 pose fiskesaus
100 g riven ost
salt og pepar
frisk timian

Tilbehøyr
Potet

Framgangsmåte
Set steikeomnen på 180 °C. Skjer torsken i serveringsstykke. Skjer purrelauk og stangselleri i bitar, og gulrot i terningar. Kok opp vatn og kok grønsakene i 2 minutt. Slå av vantet, og legg grønsakene og cherrytomatane over i ei smurt eldfast form. Legg torskestykka over grønsakene og dryss over litt salt, pepar og timian. Lag fiskesausen etter oppskrifta på pakken og slå den over fisken. Strø over ost, og steik retten i steikeomn i ca. 15 minutt. Server med kokt potet.

Tips: Du kan også bruke ferdig grønsaksblanding. Brukar du fryst blanding bør den vere halvtint før du har den i forma.

mandag 5. august 2019

Makrellescabeche, ein smak av sommar og middelhav.


Escabeche er namnet på ei rekke rettar i Middelhavsregionen som er marinert i ei sur blanding, oftast eddik. Helgas sommarrett er makrellescabeche, der fisken først er steikt og deretter marinert. I internasjonale versjonar, er escabeche vanlegvis kokt eller steikt mat som deretter vert servert kald etter marinering i kjøleskap over natta eller lenger.

Den hurtigsvømmande makrellen med sine vakre tigerstriper lang ryggen er ein god og sunn matfisk. Makrellen er rik på gode protein, marine omega 3 feittsyrer, vitamin B 12, vitamin D og jod, så den inneheld alt som er bra for kroppen!

Makrellen er på djupt vatn gjennom vinteren utanfor Sørvest – Norge og når sommaren kjem trekk den opp frå djupet. Dette er altså ei sesongvare vi bør nyte. Piren, den unge og vesle makrellen ein får om sommaren er nydeleg å steike på panne og svært god med marinering. Lyse sommarnetter med lukt av sjø og makrell på tallerkenen, er verkeleg ein smak av sommar!


SOMMAR: Makrellescabeche, ein smak av sommar og middelhav. Foto: Astrid Hals, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
6 makrellfilet
3 ss sammalt kveitemjøl
2 ts salt
½ ts pepar
olje

Marinade
1 gulrot
1 raudlauk
2 fedd kvitlauk
2 kvister frisk timian
4 ss kvitvinseddik
1 dl vatn
1 laurbærblad
salt og pepar
olje

Tilbehør
potet
salat

Framgangsmåte
Vend makrell i ei blanding av mjøl, salt og pepar. Steik filetane gylne i olje, ca. 2 minutt på kvar side.

Marinade
Reins og skjer gulrot, raudlauk og kvitlauk i tynne skiver, og hakk friske timianblad. Steik grønsakene og timian i olje til det begynner å bli brunt. Slå på kvitvinseddik og vann, tilsett laurbærblad, salt og pepar. La marinaden koke i et par minutt, og slå marinaden over fisken. Server makrellen med potet og salat ved siden av.

Tips: La makrellen få romptemeratur før steiking, då unngår ein at den krøllar seg i steikepanna.


Sprøsteikt ishavsrøye marinert med chilihonning


Ishavsrøye kan ein få tak i heile året og du kan finne den i butikken fersk og fryst, heil eller som filet. Ishavsrøye er ein fisk i laksefamilien med rødt fiskekjøt, som er både saftig og delikat. At den er jamt tjukk gjer at serveringsstykka får lik steiketid, så dette er ein fisk det er lett å lykkast med.

Tilbehøyr er viktig og i dag er det relish. Relish er ofte finhakka sylta produkt, grønsaker, frukt eller urter som brukast som krydder. «Relish» kan bety at du gleder deg til noko, nyt utfordingar, lengtar etter eller føretrekk for eksempel smaken.

Helgas oppskrift er pensla med smakfull marinade av sterk og søt chilihonning og servert med smakfull ingefærrelish, det er berre å gled seg! Norges sjømatråd seier at dersom laksen er kongen, er den litt smekrare ishavsrøya dronninga! Med blank drakt og fine former er ishavsrøye majestetisk på tallerken! Ha ei kjekk sommarhelg!


ISHAVSRØYE: Sprøsteikt ishavsrøye marinert med chilihonning. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd. 



Ingrediensar (4 pers)
800 g ishavsrøyefilet
2 ss sesamolje
salt og pepar
olje

Relish
1 raudlauk
3 skiver ananas
3 ts frisk ingefær
2 ss limesaft

Marinade
1 ts raud  chili
1 appelsin
2 ss honning
2 ts malt spisskummen
½ ts chilipulver

Tilbehøyr
jasminris
villris

Framgangsmåte
Fjern bein frå ishavsrøyefiletane, skyl dei i kaldt vatn og tørk med tørkepapir. Pensle filetane med sesamolje, og dryss over salt og pepar.

Relish
Finhakk raudlauk og ananas, og riv ingefær. Bland saman ingrediensane til relishen, og la den stå og trekke i 30 minutt før servering.

Marinade
Finhakk chili, press safta av appelsin og bland med resten av ingrediensane til marinaden. Varm opp marinaden og rør til honningen er smelta. Sett til side.

Steik ishavsrøyefiletane i olje med skinnsida ned i ca. 2 minutt. Pensle kjøtsida av filetane med marinaden, snu dem og steik i ca. 30 sekunder på den andre sida. Server ishavsrøye med ingefærrelish og en blanding av jasminris og villris ved siden av.

Quesedilla med reker er rask sommarmat


Meksikanske quesedillas eller ostetorillas, er tortillas fylt med ost, ofte noko meir fyll og salsa. Qusesedilla kjem nemleg av det spanske ordet for ost. Retten etast ofte til frukost eller lunsj, men passar ypparleg til å ta med på stranda eller som snacks utover sommarkvelden.

Reker likar seg aller best i kaldt vatn og rekefisket forgår heile året. Store frysetrålarrar tek opp reker frå Barentshavet der rekene vert kokt, pakka og fryst ombord. Rekene frå Nordsjøen og Skagerak  vert fiska av små reketrålarar, og fangsten vert primært kokt ombord og solgt som ferske, kokte reker.

Det er lettast å få tak i frosne reker, og her kjem nokre tips til tining av reker. Har du det veldig travelt, kan du legge rekene i ein sil og halde dei under kaldt, rennande vatn. Har du litt betre tid kan du legge reker utover ein tallerken i 30-60 minutt i romtemperatur. Har du god tid kan du legge posen med frosne reker i kjøleskap over natta i 8-10 timar. Det vert ingen sommar utan reker!


MEKSIKANSK:  Quesedilla med reker er rask sommarmat. Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd. 

Ingrediensar (4 pers)

400 g reker utan skall
8 tortillawrap
1 lauk
2 fedd kvitlauk
1 raud chili
1 raud paprika
150 g riven ost
rapsolje
salt

Tilbehøyr
salat
avokado
lime
frisk koriander

Framgangsmåte
Finhakk lauk, kvitlauk og chili, og skjer paprika i terningar. Fres lauk og kvitlauk i rapsolje til lauken er blank, og avkjøl. Tilsett chili og paprika, og smak til med salt. Bland inn rekene, og fordel fyllet over halve tortillawrapsa. Dryss riven ost over og brett den andre halvdelen over. Steik quesedilla i rapsolje i ei steikepanne til osten smeltar og tortillawrapsen har fått ein brunleg farge. Server quesedilla med salat, avokado, limebåtar og koriander.

Tips: Server gjerne med ein salsa og ein heimelaga guacamole. Du kan også bruke fryste, ferdigpilla reker i denne oppskrifta.

onsdag 26. juni 2019

Midtsommar med laks på grillspyd, gresk salat og tzatziki.


Sjømat er super grillmat og norsk laks kler mange smakar og i dag skal den få gresk tilbehøyr. Eit av kjenneteikna på det greske kjøkken er gode salatar, og fetaosten som er laga på mjølk av sau og geit er superstjerna på den greske salaten.

I Hellas er det mest vanleg å ete mange smårettar eller mezè. Poenget med mezè er det sosiale rundt måltidet, det å ete saman. Tallerkenen er til å kvile gaffelen på eller mellomstasjon til maten medan du strekk arma og forsyner deg av neste smårett. Det er nemleg vår mat, ikkje min og din.

Gresk salat, toppa med fetaost og olivenolje er perfekt til grillmat og den gode og friske tzatzikien  ved sidan av er til å dyppe både pitabrød og nygrilla laksebitar i. Legg gjerne maten i skåler, del maten og et på gresk vis. Ha ei god midtsommarhelg!


GRESK: Laks på grillspyd med gresk salat og tzatziki. Foto: Studio Dreyer - Hensley, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar (4 porsjonar)
600 g laksefilet, utan skinn og bein
4 pitabrød
1 ss malt fennikel
1 ss malt nellik
1 ss chilipulver

Tzatziki
2 dl matyoghurt
1 fedd kvitlauk
1 ss kaldpressa olivenolje
salt og pepar

Gresk salat
2 tomat
½  agurk
½ raud lauk
100 g svart oliven
200 g fetaost
2 ss kaldpressa olivenolje
2 ss frisk oregano

Tilbehør
4 grillspyd
1 agurk
1 ts salt

Framgangsmåte
Varm opp grillen. Skjer laksefilet i store terningar og tre fire terningar på kvart grillspyd. Bland fennikel, nellik, chilipulver og salt godt saman, og rull laksespyd i krydderblandinga. Grill laksespyda 2 minutt på kvar side. Varm pitabrød lett på grillen rett før servering.

Gresk salat
Skjer tomat, agurk og fetaost i terningar, og raud lauk i tynne strimlar. Bland inn oliven og finhakka oregano, og slå olivenolje over salaten.

Tzatziki
Skrell agurk, del den på langs, ta ut frøa med ein skei og riv den grovt. Dryss litt salt over og la agurken kvile i 15 minutt før du silar av veska. Finhakk kvitlauk og bland med dei øvrige ingrediensane til tzatzikien. Smak til med salt og pepar.

Server laksespyd med pitabrød, gresk salat og tzatziki ved siden av.

Tips: Dersom du bruker grillspyd av tre må disse ligge i vatn i ca. 30 minutt før bruk.


onsdag 12. juni 2019

God pinse med grilla breiflabb i marinade!


Denne helga er det pinse og vi har snudd kalenderen frå mai til juni, ja no ligg sommaren endeleg for døra. Grillsesongen er i gong, og dei fleste av oss vil helst nyte grillmat på godversdagar. Lat oss håpe og drøyme om at vi får mange godversdagar i sommaren som ligg framfor oss, slik at vi kan nyte den med både heimekos, fest og ferie. ¨

Å marinere når ein skal grille har til hensikt å gi maten betre mørning, smak, utsjånad og steikeeigenskapar. Sjømat treng både salt og syre for at smaken skal kome til sin rett, men både ingefær, honning, chili, kvitlauk, estragon, persille, graslauk og pepar i marinaden er med på å framheve den gode smaken av sjømat. Hugs at fisk som marinerast i kjøleskap kan ligge til neste dag, medan fisk som vert marinert i romtemperatur må grillast same dag.

Breiflabb eller marulk er «havets indrefilet», den er kvit og fast i fiskekjøtet og til og med beinfri. Det er ein svært god fisk å grille, men den må ikkje steikast for mykje, då blir den trevlete. Bruk gjerne steiketermometer og ta den av grillen når kjernetemperaturen er 50 grader. La fisken kvile i 5-10 minutt, akkurat slik som ein biff, og pensle gjerne med meir marinade før servering. God pinse!


PINSE: God pinse med grilla breiflabb i marinade. Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.


 
Ingrediensar til 4 porsjonar:

800 g breiflabbfilet
olje

Marinade
½  fedd kvitlauk
1 ts frisk estragon
2 ss frisk persille
1 ss frisk graslauk
1 sitron
1 dl olivenolje
1 ts salt
½ ts pepar

Grønnsaksspyd
12 smålauk
12 cherrytomat
olivenolje
salt og pepar

Mangosalsa
1 mango
1 raudlauk
½  ananas
3 ss frisk koriander
½ raud chili
1 lime

Framgangsmåte
Skjer breiflabb i serveringsstykke. Finhakk kvitlauk og urtene til marinaden og bland dei med saft av sitron, olivenolje, salt og pepar. Legg breiflabbstykka i marinaden i ca. 30 minutt. Ta fisken opp av marinaden og tørk den godt. Pensle med litt olje og legg den på god og varm grill.

Grønsaksspyd
Skrell lauk og gi dei eit oppkok i vatn. Tre lauk og cherrytomat vekselvis på spyd, pensle med olje og dryss over litt salt og pepar. Grill spyda rett på varm grill, snu dei ofte.

Mangosalsa
Finhakk ingrediensane til salsa og bland dem med safta av lime. La salsaen trekke ca. 2 timar i kjøleskap slik at smakene får blande seg godt.

Server grilla breiflabb med grønsaksspyd og mangosalsa.