torsdag 21. juni 2018

Havets skattekiste er barnas grillfavoritt!


Grillsesongen starta tidleg i år med det fantastiske fine været som har vore denne forsommaren. Det går tradisjonelt mykje kjøtmat på grillen og medan vaksne varierer menyen med ulike typar kjøt og av og til fisk, men barna vert ofte tilgodesett med grillpølser. Det kan kanskje bli vel mykje pølser på små kroppar i grillsesongen?

Eg har i mange år jobba med Fiskesprell, det er eit kosthaldsprogram som skal få barn og unge til å ete meir sjømat i barnehage og skule. Fiskesprell går ut på å endre haldningar til vaksne om barn og sjømat, og å lære vekk nokre enkle oppskrifter som dei får smake. Lykkast ein med dei vaksne er det stor sjanse for at dei deretter prøver dei ut rettane på barn. Resultatet er like kjekt kvar gong for både vaksne og barn smakar og likar mange ulike fiskerettar og ein sikker vinnar er Havets Skattekiste.

Når ei lagar Havets skattekiste er det smart at barna får plukke og velge grønsaker og passe mengde fisk til sin eigen pakke i tillegg passe den sjølv på grillen.  Å vere med å lage maten og å ha kontroll på ingrediensane er positivt for den når ein skal prøve noko nytt og innhaldet i grillpakken er fullt av sunne næringsstoff som er rake motsatsen til den ein finn i grillpølser. Veslesøster Ida til Emil i Lønneberget syng slik: «Då blir barna fulla med sommar, och bena blir fulla med spring!», små 
kroppar skal ha den sunnaste og beste maten!


GRILLFAVORITT: Havets skattekiste er barnas grillfavoritt! Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.




Ingrediensar til 4 porsjonar

300 g laksefilet utan skinn og bein
300 g seifilet utan skinn og bein
1 stk lauk/purrelauk/vårlauk
2 stk gulrot
½  brokkoli-  eller blomkålbukett
4 ss soyasaus

4 ark grillfolie
2 ss olje

FRAMGANGSMÅTE

Skjer fisken i ca. 2 cm store terningar. Vask og reinsk lauk, gulrot og brokkoli/blomkål. Pensle grillfolien med olje og brett opp kantane til ei skål. Legg eit utval av grønsaker på folien og slå soyasaus over. Legg fisketerningane over grønsakene. Brett saman folien (med bretten opp så unngår du lekkasje) og legg pakkane på varm grill. La pakkane ligge på grillen i ca. 10 minutt. Opne pakkane og sjekk at fisken er klar ved at fiskekjøtet har skifta fagre tvers gjennom og at fiskekjøtet flakar seg ved lett trykk. Server skattkistene med det tilbehøret du likar, for eksempel bakte poteter og rømme på toppen.

Tips: Du kan også lage Havets skattkiste i steikeomnen. Då brukar du vanleg aluminiumsfolie i staden for grillfolie. Steik pakkane i steikeomn ved 180 °C til fisken er ferdig. Det tak ca. 12 minutt.

Frå ufisk til delikatesse, smak omnsbakt breiflabb


Dei nynorske festespelsa set stemninga no i helga og i songen Nordmannen skildrar Ivar Aasen vårt forhold til fisk slik: «Han såg ut på det bårute havet, der var ruskut å leggja utpå;
men der leikade fisk nedi kavet, og den leiken, den ville han sjå». No er det uvisst kva type fisk Aasen tenkte på, men eg vil tru det  var sild, torsk og sei som «leika nedi kavet» og at det på hans tid ikkje var vanleg å ete breiflabb.

Breiflabb blei nemlig tidligare rekna som ufisk og kasta på havet igjen, men i dag er fisken rekna som ei delikatesse. Sjølv som fisken ser ut som eit uhyre på utsida, er fiskekjøtet kvitt med ypparleg fast konsistens og er velsmakande.

Breiflabb må lagast til med omhug, fordi dersom den steikast eller grillast den for lenge blir den seig. Det er mulig å kjøpe ferdig marinert breiflabbfilet i ferskvaredisken og då er det ikkje mange ingrediensar som skal til for å lage denne middagen. Retten er enkel og smakar utrulig saftig og godt, så denne kan du trygt invitere venner på besøk til ein sommarkveld!

DELIKATESSE: Smak på saftig og velsmakande omsbakt breiflabb. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.



Ingrediensar til 4 porsjonar

800 g breiflabbfilet
1 stk grøn squash
5 stk sjampinjong
1 stk raud paprika

MARINADE
2 fedd kvitlauk
1 ts estragon
1 frisk graslauk
½  dl frisk persille
1 stk sitron
1 dl olivenolje
1 ts salt
0.5 ts pepar

POTETSTAPPE
500 g potet
2 ss smør
2 dl mjølk
salt og pepar


FRAMGANGSMÅTE

Sett steikeomnen på 200 °C. Skjer fisken i serveringsstykke. Finhakk kvitlauk, estragon, graslauk og persille, og press safta av sitronen. Rør saman ingrediensane til marinaden, og la fisken ligge i marinaden i ca. 30 minutt. Skjer squash, sjampinjong og paprika i bitar, og legg dei i ei smurt eldfast form. Legg den marinerte fisken over og fordel marinaden over grønsakene og fisken. Steik forma i steikeomnen i ca. 20 minutt.

POTETSTAPPE
Skrell potet, skjer i terningar, og kok møre i usalta vatn. Mos potetene, og rør inn smør og mjølk til passe konsistens. Smak til med salt og pepar.

Server omnsbakt breiflabb med potetstappe. Pynt gjerne med litt graslauk dryssa over.