fredag 25. august 2023

Fiskekake i pitabrød er eit godt matpakketips!

No er kvardagen tilbake og det er full fart med skule og arbeidsliv. Vi må sjølvsagt huske å ta med matpakken vår, og matboksar, mat- og mellomleggspapir som ligg i kjøkkenskuffa må vere klar til bruk og kunne fyllast og pakkast til medbrakt lunsj.

Visste du at vår matpakke i dag er ein modell av Oslofrukosten som vart innført av Oslos skulelegesjef Carl Schiøtz i 1929? Oslofrukosten bestod av ein halv liter mjølk, to små kneippkavringar eller knekkebrød med margarin og mysost, grovt kneippbrød med margarin og pålegg, for eksempel ost og torskeleverpostei, eit halvt eple eller ein halv appelsin eller 100 gram gulrot eller kålrot, og ei teskei tran dagleg i vintermånadane.

Oslofrukosten er altså årsaka til at vi i Noreg et eit kaldt måltid til lunsj i motsetning til Sverige, Finland og mange andre land i verda. Vi nordmenn elskar matpakkane våre, og ein kollega uttrykte ein gong at to brødskiver med litt sveitt brunost alltid smakar godt når klokka er 11.30 på ein kvardag.

Treng du litt variasjon i matpakken din er det supert å legge fiskekaker eller fiskepudding mellom to brødskiver, eit hamburgerbrød eller pitabrød. Husk alltid å velge noko grønt som til!

MATPAKKE: Fiskekake i pitabrød er eit godt matpakketips! Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar:

Fiskekaker eller fiskepudding

Pitabrød, hamburgerbrød eller brødskiver

Salat, avocado, agurk, dressing etc.

torsdag 10. august 2023

Nyt laks sashimi med ingefærponzu

Japansk matkultur har kome til Norge for å bli, og mange elskar den friske smaken av sashimi. Sashimi tynne skiver eller bitar av rå fisk eller anna sjømat som serverast med for eksempelt wasabi, skiva reddik, sylta ingefær, sylta raudløk og sjølvsagt soyasaus.

Den enkle soyasausen kan med fordel forvandlast til ein smakfull ponzusaus, som er soyasaus tilsett litt søtt, litt surt, nøttesmaken av sesamolje og fersk ingefær som kan brenne litt på tunga. Ponzosaus  saman sashimi er litt av ein smakseksplosjon i munnen.

Denne retten kan brukast som forrett, lunsj eller berre ein koserett når ein er «litt fysen» om kvelden!

LAKS: Nyt laks sashimi med ingefærponzu. Foto: Josefin Linder. Norges sjømatråd.

400 g laksefilet, utan skinn og bein

2 avokado

2 ss sesamfrø

2 ss karse

 

Sylta raudløk

1 raudløk

½ dl 7% eddik

1 dl sukker

1 ½ dl vatn

 

Ponzusaus

1 dl soyasaus

1 ½ lime

1 ts sukker

1 ts sesamolje

2 cm ferske, riven Ingefær

 

Framgangsmåte

Sørg for at laksen er av høg kvalitet og bruk gjerne loins. Sørg for at laksen er fersk, eller at den har vært fryst i minimum 24 timar. Skjer raudløken i skiver. Kok opp vatn, sukker, eddik, og ha i løken. La den kjøle seg ned i laken (best om den er laga dagen før). Bland saman ingrediensane til ponzusausen. Skjer laksen i tynne skive, og avokado i passande bitar. Dander dette saman med sylta raudløk, og dryss over rista sesamfrø og karse. Server ingefærponzu ved sidan av.