onsdag 24. mars 2021

God påske med omnsbakt bacalao med bacon!

Klippfisk er kjent for sin milde og delikate smak og det vart laga av både hyse, lange og sei, men den beste klippfisken er laga av torsk. Tenk at heilt fram til 1960 talet forgjekk tørkinga på klipper eller svaberg, derav namnet klippfisk. I dag forgår produksjonen inne og Ålesund er landets suverene klippfiskhovudstad som står for omlag 90 prosent av eksporten frå Norge.

Klippfisk er ein påsketradisjon spesielt for katolske land som Spania, Portugal og Latin Amerika. Desse landa elskar den norske klippfisk og held på tradisjonane med klippfisk til påske. I middelalderen hadde ein fastedagar med forbod mot kjøteting, medan det var lov å ete «kald» mat. Fisken kjem får vatnet, blei den betrakta som kald og derfor akseptert.

I Norge er klippfisk og bacalao praktisk påskemat, fordi den er veg lite og treng ikkje kjølast. For eksempel vil ein torsk på 10 kilo vere om lag 3 kilo klippfisk, og den må sjølvsagt vatnast ut før ein lagar den til påskemiddag. Bacalao er perfekt å lage til festmat og lagar du ein stor porsjon har ein middag til to dagar. Omnsbakt bacalao med bacon er full av gode delikate smakar. God påske!

KLIPPFISK: God påske med omnsbakt bacalao med bacon! Foto: Bent Raanes og Sarah Cameron Sørensen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar

800 g utvatna og renska klippfisk

8 potet

2 fedd kvitlauk

2  gul lauk

2 hermetiske paprika

10 cherrytomat

100 g baconskive

2 dl olivenolje

40 g svart oliven

grovmala pepar

Server med:

Godt brød


Framgangsmåte

Sett steikeomnen på 200 °C. Skjer klippfisk i serveringsstykke. Skrell potet, skjer dei i skiver og kok dei møre i usalta vatn. Finhakk kvitlauk, skjer lauk i skive, paprika i bitar og del cherrytomatane i to. Del baconskivene i fire betar. Varm opp olivenolje og kvitlauk i ein liten kasserolle, og slå halvparten av kvitlauksoljen i ei eldfast form slik at den dekker botnen. Legg klippfisk, potet, lauk, paprika, cherrytomat, bacon og oliven lagvis i forma. Kvern litt pepar mellom kvart lag. Slå over resten av kvitlauksoljen og steik i steikeomnen i ca. 30 minutt. 

Server bacalaoen med godt brød ved sidan av.

 

torsdag 18. mars 2021

Toast Skagen, ein svensk favoritt!

Skagenrøre er ein herleg svensk klassikar med reker i krema dressing med mykje dill, og Toast Skagen er ein av dei mest populære forrettane i Sverige. Namnet har rett nok sitt opphav frå danske Skagen, men det var den svenske kokken Tor Wretman som lansert oppskrifta på 1950 talet.

Skagenrøre kan brukast til mykje meir enn forrett på rista kvitt brød. Den er også god som fyll i bakt potet, på kaldtbordet eller berre som ekstra godt pålegg. Skagenrøre er også nydeleg kosemat om du set ei skål på bordet og server med gode knekkebrødbitar til for å dyppe i røra.

Visste du forresten at Sverige er Norges viktigaste eksportland for reker? I 2019 vart det eksportert 3347 tonn reker til Sverige , til ein verdi av 325, 8 millionar kroner. Norges Sjømatråd rapporterer også at det er fryste, pilla reker som er svenskene sin største favoritt.

Skagenrøra kan ein gjere om til eit skikkeleg luksusmåltid. Tilsett kokt reinska sjøkreps kutta i små bitar og dander til slutt med ei skei sikrogn eller løjrom på toppen - dette er mat til fine gjestar!

REKER: Smakleg forrett med Toast Skagen, ein svensk favoritt! Foto: Tom Haga, Norges Sjømatråd.



 

Ingrediensar til 4 porsjonar

400 g reker utan skal

1 ss frisk dill

3 ss majones

3 ss crème fraîche

½ ts salt

¼ ts pepar

1 sitron

½ raudlauk

4 skiver rista loff

Framgangsmåte

Pill rekene. Dersom du brukar reker i lake eller fryste reker, så husk å la veska eller vatnet renne av slik at dei blir så tørre som mogleg. Kutt opp rekene og legg dei i ei skål. Du kan eventuelt spare 2-3 reker som kan brukast til å pynte røra med. Finhakk dill og skjer raudlauken i fine skiver. Bland det deretter saman med rekene. Ha i majones og crème fraîche. Bland det saman i ei røre. Smak til skagenrøra med salt, pepar og safta av ein sitron. Tilsett eventuelt litt rom om du ønsker.

Skagenrøra er no serveringsklar, men den kan også settast tildekt i kjøleskapet for seinare servering. Anrett rekesalaten på rista toast og pynt med dill, sitron og reddikskiver.