tirsdag 6. juli 2021

Sommar er tid for skaldyrlag!

Vekas aller beste dag er fredag og no midt i ferien er det kjekt å invitere til skaldyrlag. Reker, sjøkreps og krabber er lett og fin sommarmat som dei fleste likar, det er både populært og lite tidkrevjande.

Ferske reker skal lukte friskt og ha eit hardt og blankt skal utan misfarging og intakte følehorn. Er følehorna knekt har rekene vore frosne. Frosne reker er heilt supert, men må tinast langsamt i kjøleskap eller nokre timar i romtemperatur på kjøkkenbenken. Størrelsen på reker angir kor mange reker det går på ein kilo, og flotte reker bør vere str 60 – 80 store, eller str 50-70 ekstra store.

Den enklaste måten å servere både reker, sjøkreps og kabbe på er heilt naturell. Det trengs ikkje fancy tilbehøyr for å lykkast, for godt brød, salat, majones, sitron er meir enn nok. Om du vil gjere litt ekstra kan du lage heimelaga aïoli, som er ein kviløksmajones frå middelhavet. Ei godt smurt loffskive overfylt med skaldyr og toppa med heimelaga aïoli og frisk dill, det er smaken av sommar!

SKALDYRLAG: Sommar er tid for skaldyrlag! Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til skaldyrlag

Reker, 400- 500 g per pers

Sjøkreps, minst ein til kvar

Krabbe, eit skjel til kvar

Majones eller heimelaga aïoli

Salat

Smør

Loff

Sitron

Dill

 

Heimelaga aïloi (ca. ½ l)

4 eggeplomme

1 ss sitronsaft eller vineddik

1 ts dijonsennep eller anna sennep

2 båtar pressa kvitløk

4 dl nøytral matolje

¼ ts salt

¼ ts pepar

 

Framgangsmåte

Bruk ein bolle som ikkje er for stor og vid og ein god visp. Ein hurtigmiksar er også fin å bruke. Visp eggeplommer og salt til dei er lyse og tjukke. Bland inn krydder og kvitløk, og halvparten av sitronsaft/eddik. Spe forsiktig med oljen medan du fortset å vispe - ei teskei om gangen er nok. Auk etter kvart mengda olje. Pass på at aïolien heile tida er glatt og blank. Blir den for tykk kan du justere konsistensen med litt vatn. Smak til med krydder og sitron/eddik. Synes du aïolien smakar for mykje egg, kan du fortsette å spe inn meir olje.

Ferdig aïoli skal vere så tjukk at den held fasongen.