tirsdag 5. juli 2022

Pasta med krabbe på haustmenyen

Haustmørket kjem sigande, men det er framleis fint å sitte ute å ete om kveldane. Det kan vere kjekt med fyr i bålpanna og stearinlys på bordet då vert det fin stemning kring måltidet.

Krabbe er ei nydeleg råvare og no når hausten nærmar seg er den full av mat, det er fordi krabbene bygg seg opp gjennom sommaren for å samle energilager til vårens gyting. Det er akkurat dette som gjer dei proppfulle av deilig, saftig kjøt. Krabbekjøttet magert og godt, og ikkje minst svært smakfullt.

Eit godt tips er å ta vare på skalet av krabbene, det kan nemleg danne krafta til ei god skaldyrsuppe. Om du ikkje har tid til å lage krafta med det same, kan du fryse skala ned og ta dei opp ved behov. Pasta med krabbe er rask, enkel og veldig god middag! 


KRABBE: Pasta med krabbe på haustmenyen. Foto: Krabbe.no, Norges Sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

4 pors pasta

2 stk krabbe

2  raud chili

5 fedd kvitløk

2 ss kapers

1 lime

2 dl extra virgin olivenolje

3 ss frisk kruspersille

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Kok pasta etter anvisning på pakken. Kjør chili, kvitløk, safta av lime og halvparten av olivenoljen i ein blender til ein fin paste. Rør inn kutta kapers, hakka persille, kvitt krabbekjøt og resten av oljen. Smak til med salt og pepar. Sil av pastaen og bland inn halvparten av krabbeblandinga. Legg opp porsjonar og bruk resten av krabbeblandinga til topping. Pynt gjerne med litt hakka persille.

 

Makrellsandwich på japansk vis

«Saba sando» er namnet på denne lekkerbisken, som er makrellsandwich på japansk vis. Har du sett på makan til innbydande smørbrød? Kanskje er det den vakre og etande stemorsblomsten som er prikken over i ‘en?

Tenk at makrell har blitt japanarane sitt sunne svar på pølse i brød. Når svolten gneg, stikk japanarane gjerne innom ein kiosk for å kjøpe ferdigmarinert makrell. For dei som har litt betre tid går turen innom ein etestad for ein makrellsandwich eller «saba sando».

Nyt smaken av Japan og 良い食欲 ,  Yoi shokuyoku eller god apetitt!


MAKRELL: Makrellsandwich på japansk vis. Foto: Tom Haga, Norges Sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

4 makrellfilet

2 gulrot

4 salatblad

4 focacciabrød

salt og pepar

steikeolje

 

Jamaikansk BBQ-saus

1 boks grovhakka hermetiske tomatar

2 ss kvitløkspulver

1 ss løkpulver

¼ ts cayennepulver

½ ss habanero pulver (sterkt chilipulver)

1 ss karri

1 ss paprikapulver

1 ss sennepspulver

1 ts salt

1 ts pepar

2 ss sitronsaft

6 ss eplecidereddik

 

Fremgangsmåte

Habaneropulveret kan reduserast eller utelatast om du ikkje er glad i sterk saus. Mariner makrellfiletane i BBQ-sausen i ca. 15 minutt. Rasp gulrøtene på eit rivjarn. Vask og tørk salatblada.

Du kan bruke den brødtypen du likar, det treng ikkje vere focacciabrød. Bruk gjerne surdeigsbrød eller bagett. Del brødet i to. Eventuelt kan du lage fire sandwich av brødskiver. Grill eller steik den ferdigmarinerte makrellen med skinnet på, helst til skinnet blir sprøtt og crispy. Pensle med litt ekstra marinade under grilling/steiking, ved behov. Gi gjerne brødet ein lett omgang på grillen/ i steikepanna også. Legg fisk og grønsaker inne i sandwichen og nyt en smak av Japan.

Sommarlett Poke bowl med laks

Om sommaren er det godt med friske, lette rettar som er raske å lage. Poke bowl er nettopp ein slik rett, og kan beskrivast som ein fiskesalat frå Hawaii.

Poke bowl betyr «ingrediensar kutta i bitar og lagt i ein bolle» og basisen består av ris og ulike grønsaker ved sidan av rå fisk. Sausen oppå er essensiell og kan vere til dømes  wasabi-majones eller ponzosaus.

Visste du at Poke bowl er restmat som vart trendy gatemat? Eit godt tips er at Poke bowls er ein ypparleg måte å bruke opp grønsaker du har liggande i kjøleskapet. Her kan du lage din eigen variant med dine favoritt-grønsaker. Har du ikkje prøvd dette enda, er det på tide!

 

LAKS: Sommarlett Poke bowl med laks. Foto: Studio Dreyer+ Hensley, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsj)

500 g laksefilet, utan skinn og bein

4 pors ris

2 mango

2 avokadoer

1 granateple

10 sukkererter

1 lime

Frisk koriander

Saus

4 ss soyasaus, lys

2 ss sesamolje

2 ss sesamfrø

½ ss chilisaus

Fremgangsmåte

Kok ris etter instruksjonane på pakken. Du kan sjølv velgje kva type ris du vil bruke. Avkjøl risen.  Kutt laks i små terningar. Bland saman soyasaus, sesamolje, sesamfrø og chilisaus, slå over lakseterningane. Kutt mango, sukkererter og agurk i terningar, og avokado i skiver. Reinsk granateple og ta ut frøa. Legg risen nest i ein bolle. Topp med grønsaker og laks. Ha koriander og litt limesaft over til slutt. Server med ein limebåt og soyasaus til.