mandag 29. april 2019

Karibumaki med laks og avokado er lekkert og rått godt!


Visste du at sushi fekk sitt gjennombrot i Japan allereie i 1850 og det var kokken Hinaya Yohei som serverte bitar av rå fisk oppå ei pute av marinert ris frå sin eigen sushikiosk i Tokyo. Travle japanarar åt dei små delikatessene og det blei fort ein suksess. Sushi kom til Norge i 1985, men først i 1999 blei den første sushirestauranten opna, og det vart ein trend i urbane strøk. I dag er sushi vanlig blant oss nordmenn og mange lagar sushi på eigen hand heime.

Karibu er appetittvekkande sushi. Helgas oppskrift er med laks og fylt med avokado og wasabimajones, toppen er pynta med frisk koriander og lakserogn. Her gjeld det å vere netthendt og når delikatessa skal etast må det gjerast rett: Fisken skal dyppast i soyasausen, ikkje risen. Wasabi skal ikkje rørast inn i soyasausen, men skal smørast på fisken etter ønska styrke. Sylta ingefær tyggast mellom dei forskjellige sushibitane for å nøytralisere forge smak.

Det ser kanskje vanskeleg ut å lage karibumakirullane, men følg framgangsmåten i oppskrifta slavisk, steg for steg, så får du det til. Resultatet kan serverast som ein rett aleine, snacks eller til forrett, du vil garantert imponere gjestane dine. Bon appétit!


SUSHI: Karibumaki med laks og avokado er lekkert og rått godt! Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsj.)
150 g laksefilet utan skinn og bein

1 ts sukker
1 krm salt
½ ss riseddik
6 dl sushiris
1 dl vatn

½ avokado
2 ss majones
1 ark noriark, sjøgras
1 ss frisk  koriander
3 ts lakserogn

Wasabi, bambusmatte, plastfolie

Tilbehør
Soyasaus, wasabi og sylta ingefær

Framgangsmåte
Bland sukker, salt og riseddik i ei lita gryte, og kok forsiktig opp under omrøring. Når sukker og salt er oppløyst, er rismarinaden ferdig. Avkjøl marinaden før bruk. Kok ris slik framgangsmåten på pakken til sushiris forklarar. Ha risen over i ei form, tilsett litt av marinaden og vend forsiktig inn. Risen må ikkje bli for fuktig, prøv deg derfor fram med litt om gangen. Avkjøl risen i romtemperatur.

Skjer laksen i tynne skiver, og avokado i strimlar på ca. 1 cm tjukke. Smak til majonesen med wasabi etter eige ønske. Del noriarket i to. Dekk bambusmatta med plastfolie. Bland vatn med litt riseddik, og fukt hendene lett slik at risen ikkje kleber. Legg eit halvt noriark på bambusmatta med den ruglete sida opp, fordel eit lag ris utover heile arket og snu slik at risen ligg ned.

Fordel avokado og wasabimajones langs den neste kanten av arket. Rull saman ved hjelp av bambusmatta og legg lakseskivene på tvers over rullen slik at denne er dekka med laks. Skjer kvar rull i to, og så videre i to og to til du har fått 8 bitar. Pynt med korianderblad og litt lakserogn på kvar bit.

Server sushibitane med soyasaus, wasabi og sylta ingefær.

torsdag 25. april 2019

Påskestemning med karrisild på frukostbordet


Påske betyr for dei fleste i Norge å vere heime, nokre forlengar vinteren med å reise på fjellet eller hytta, medan andre oppsøker våren ved sjøen. Felles for dei fleste at det er feriedagar der ein kan nyte årstida og naturen, og ein kan samle familie og vener til gode påskemåltid.

Påskeegga på frukostbordet treng godt selskap, og egg og sild er som hand i hanske til påskefrukosten. Å lage ulike sildepålegg av speke- eller kryddersildefiletar er noko av det raskast du kan lage på kjøkkenet. I butikken får du kjøpt sildefiletar frå boks eller pakke som berre treng eit rast skyl i mjølk eller vatn for å kvitte seg med saltet, så er dei klare til bruk.

Sildepålegg kan sjølvsagt nyttast til frukost, lunsj eller kvelds og smakar ekstra godt til rugbrød. Frisk og knallgul karrisild får du ved å tilsette karri, vårlauk og eple slik som i denne helga si oppskrift. Lag gjerne dobbel porsjon og gi vekk i gåve til ein matglad venn. God sildepåske!


PÅSKE: Påskestemning med karrisild til påskefrukosten. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar
2 glas kryddersild
4 vårlauk
1 eple
5-6 skiver sylteagurk
2 ss kapers

Karrisaus
150 g majones
3 ss crème fraîche
2 ss kvitvinseddik
1 ts sukker
2 ss karri
½ ts pepar
salt

Framgangsmåte
Skjer vårlauk i skiver, og eple og sylteagurk i terningar. Slå laken av silda og bland silda med vårlauk, eple, sylteagurk og kapers.

Karrisaus
Bland saman ingrediensane til karrisausen og smak til med karri, salt og pepar. Bland karrisausen og sildeblandinga forsiktig saman. Ha blandinga over i et glas eller krukke og legg på lok. Karrisild kan serverast nylaga. Silda er haldbar i kjøleskapet i ca. 1 veke.