onsdag 19. mai 2021

Dampa blåskjel med kvitlauk og chili

Skal du kose deg litt ekstra i pinsa? Tenk om sola skin og kanskje vert det vêr til å sitte ute å ete, ja vi kan drøyme om fine dagar no når vi er i slutten av mai. Når ein ikkje har lyst til å bruke lang tid ved kjøkkenbenken er det smart å ha matrettar som tek lite tid å lage, og blåskjel er ein av dei.

Blåskjel er noko av det enklaste i verda å lage til og det tek berre minutt frå du startar til du har eit ferdig laga herremåltid. Det ein kan merke seg er at etter 3- 4 minutt damping opnar blåskjella seg, då kan ein rocke opp smaken med krydderurter, kvitlauk, chili, jus, vin, fløyte. Smaken til blåskjel kan varierast i mange i ulike retningar og heilt etter eigne smakspreferansar.

Blåskjela du kjøper i butikk held høg kvalitet og er trygge å ete. Om du ønsker å plukke blåskjel sjølv  kan du gå inn på Mattilsynets blåskjellvarsel på internett eller ringe 820 33333 eller laste ned blåskjellvarsel app for mobiltelefon for å sjekke kvaliteten. Ha ei riktig god pinsehelg!


BLÅSKJELL: Dampa blåskjel med kvitlauk og chili. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


 Ingrediensar (2 pers)

1 kg blåskjel

2 sjalottlauk

3 fedd kvitlauk

1 raud chili

1 kvist frisk persille

½ lime

2 dl eplejus

2 ss olje

 

Server med

godt brød

 

Framgangsmåte

Vask og reinsk sjalottlauk, hvitlauk, persille og chili. Finhakk sjalottlauk, kvitlauk og persille, og skjer chili i tynne skiver. Skrubb blåskjela og kontroller at dei er tett lukka eller lukkar seg når du kakker på dei. Kast skjell som ikkje lukkar seg. Surr sjalottlauk, kvitlauk og chili i olje i ei kasserolle til lauken er mjuk, men ikkje brun. Tilsett blåskjela, legg på lok og la alt dampe i 4 minutt. Når skjella har opna seg, har du i hakka persille, safta av lime og eplejus, og gir det heile eit oppkok. Server blåskjela med godt brød ved sidan av.