tirsdag 22. desember 2020

Det blir jul med røykt lakserøre på rugbrødtoast

 

Jula står i særstilling blant høgtidene våre og er både ei folkeleg og ei kyrkjeleg høgtid. Jula går over mange dagar og mange opplever ho som viktig tid, og det er knapt noko anna feiring som er så sterkt knytt til ulike tradisjonar som nettopp jula. Tradisjonar knytt til norsk julemat står sterkt enten det er fåreribbe, svineribbe, lutefisk, fersk torsk, kveite, lammerull, sylteflesk eller røykt laks. Julematen er med på å markere vår kultur og identitet.

Røykt laks høyrer jula til og er ein klassikar til julefrukostar og ikkje minst på kaldtbordet. Røyking av fisk og kjøt har vore ein av hovudmetodane for å konservere eller bevare mat i tusenar av år. Ekte røyking forgår i eit røykeri med vedomn og bjørkespon som vert opptent og haldast glødande. Ferske einer eller pors i omnen kan forsterke røyksmaken, og mange elskar den gode smaken av røykt mat.

Dagens oppskrift er inspirasjon til julefrukosten, ein forrett eller på kaldtbordet. Røykt lakserøre er inspirert av krema skagenrøre med dill, sennep og sitron, toppa med knalloransje aurerogn på nyrista rugbrødtoast. Dette er veldig enkelt å lage til både få og mange, ja berre synet av denne vakre retten vekker appetitten og smaken er rett og slett himmelsk. Ha ei riktig god jul!

RØYKELAKS: Det blir jul med røykt lakserøre på rugbrødtoast. Foto: Studio Dreyer-Hensley, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

 

300 g røykt laks

6 skive rugbrød

1 dl majones

1 dl crème fraîche

1 eple

1 ts sennep

2 ss dill

2 ss sitronsaft

½ ts pepar

4 ss aurerogn

 

Framgangsmåte

Stikk ut runde former av rugbrødet, eller del skivene i to, desse toastar du lett i ei steikepanne eller i brødristaren. Skjer røykelaksen i mindre strimlar og spar på nokre bitar til pynt.

Rør saman majones, creme fraiche, sennep, eple, dill, sitron og pepar, og vend inn røykelaksbitane.

Dander røra på rugbrødtoast, og topp med ei liten skive røykelaks og litt aurerogn, og pynt gjerne med litt grøne urter.

 

Tips: Bruk gjerne baguette skiver i staden for rugbrød.

 

 

onsdag 9. desember 2020

Sildesalat med urter er like god til frukosten som på kaldtbordet

Sildesalatar høyrer jula til og dei finnast i mange variantar og kjære familieoppskrifter. Sursild, tomatsild, sennepssild, karrisild, rømmesild og sherrysild er eit lite knippe av typiske julesildesalatar, og ein av dei mest kjende familieoppskriftene er Stoltenbergs sildesalat med spekesild, hardkokte egg, rømme og med både smak og farge av raudbete.

Den ekte «Sildakongen» kjem frå Haugesund, for det var Arvid Otto Mørch (f.1954) som verkeleg fekk fart i omsetninga av nye og spennande sildepålegg. Hans firma produserte eksklusive sildesalatar og dette vart hans varemerke. Frå før av hadde han tatt Sildenskiold som mellomnamn, og det er litt morosamt å vite at etter firma og rettigheitene til merkevara Sildakongen vart selt er hans fulle namn Sildakongen Arvid Otto Sildenskiold Mørch.

Ein god sildesalat kan freiste på frukostbordet no i førjulstida og i sjølve jula kan den nyttast på til fest på julekaldtbordet. Sildesalat med urter er utruleg enkel å lage, det som tek litt tid er å kutte opp ingrediensane, og å blande dei saman tek sekund. Bonusen med å ete sild no i mørketida er at vi får i oss vitamin D som vi treng sårt no når sola er vekk, og ikkje minst gode marine omega-3-feittsyrer som verkar som forebyggande hjartemedisin. Ha ei fortsatt god adventstid!


SILD: Sildesalat med urter er like god til frukosten som på kaldtbordet. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

3 utvatna kryddersildfilet

2 stilk stongselleri

1 grøn paprika

3 ss spirar

 

Dressing

2 ss frisk persille

2 ss frisk dill

2 ss frisk graslauk

2 ss karse

1 dl lettrømme

1 dl matyoghurt

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Skyl sildefiletane, tørk dei godt og skjer dei i små terningar. Skjer stongselleri i tynne skiver og paprika i små terningar, og bland med sildeterningane.

Dressing

Finhakk persille, dill, graslauk og karse, og bland med lettrømme og matyoghurt. Vend sild og grønsaker inn i dressingen.

Smak til med litt salt og pepar.

Server salaten med spirer dryssa over.