tirsdag 26. september 2023

Oh-là- là kamskjell med chili, kvitløk og asparges er lekkert!

Oh- la -la eller du store min kan ein utrykke på fransk med beundrande begeistring berre ved synet av kamskjel sin ytre utsjånad, og ikkje minst også når ein smakar på denne delikatessa av sjømat!

Kamskjel er perfekt saman med fersk asparges. Eit tips til reinskinga av aspargesen er å kutte eller knekke vekk den trevlete delen, der det grøne går over i kvit-lilla, cirka 2-3 centimeter opp fra botnen. Om du ønsker å skrelle aspargesen, kan du gjere det.

I denne oppskrifta kombinerer ein steikte kamskjel med litt sterk smak av chili og kvitløk saman med mild smak av asparges. Retten er rask å lage til: Voilà  eller sjå der eller vips – retten er klar for servering!

KAMSKJEL: Oh-là- là kamskjell med chili, kvitløk og asparges er lekkert! Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd. 

Ingrediensar (4 personar)

12 kamskjel

12 asparges

sukker

salt

 

Marinade

1 raud chili

2 fedd kvitløk

1 dl solsikkeolje

½ dl vatn

 

Saus

2 dl matfløyte

2 ss smør

salt og pepar

 

Server med

Salat

 

Framgangsmåte

Brukar du ferske kamskjel startar du med å opne og reinske skjela. Fryste kamskjel legg du i ein bolle, let dei tine i kjøleskap og renne av seg på tørkepapir. Kok opp vatn med litt sukker og salt. Legg i reinska asparges og la dei koke i ca. 1-2 minutt.

Marinade

Finhakk chili og kvitløk, og rør saman med solsikkeolje og vatn. La kamskjela ligge i marinaden minst 1 time. Ta kamskjela opp av marinaden og la dei renne av seg på tørkepapir. Ta vare på marinaden til du skal lage saus. Steik kamskjela raskt i steikepanne eller på grill, ca. 30 sekunder på kvar side.

Saus

Slå marinaden over i ein liten kasserolle og kok den inn til det halve. Tilsett matfløyte og la den koke litt. Pisk smør inn rett før servering og smak til med salt og pepar.

Server steikte kamskjel med saus over, og asparges og salat ved sidan av.

 

tirsdag 12. september 2023

Krabbe naturell er haustens delikatesse!

Å lære om livet i havet er spennande, og for min del starta det allereie i Barnas Vel i 1970. Der fekk me ungane høyre fortellingane og lytte til songane frå Taremareby av Ingebrikt Davik, eit eventyrleg undervassamfunn med skaldyr, fisk og planter.

Vi blei kjent med Kong Kveites datter, Reke Rikke, Lakse Lars, Flyndrefrøken Fin og ikkje minst den vonde Krabbekrølle. Krabbekrølle sitt må er å overta makta i havrike, men sjølvsagt som i alle eventyr var der ein modig Flyndrefant som redda Flyndrefrøken Fin frå Krabbekrølle si maktsjuke.

Dette vart haustens barndomsmimring frå meg, men no må eventyr til sides og matprat vere tema. Krabbe naturell og kokt krabbekjøt smakar friskt av hav og er ein av dei mest fantastiske rettane ein kan servere - dette er rett og slett haustens delikatesse!

KRABBE: Krabbe naturell er haustens delikatesse! Foto: Kim Holthe, Norges sjømatråd.

Ingrediensar til 4 pers

4 stk krabbe

loff

majones

2 sitronar

pepar

 

Framgangsmåte

Dersom du kjøper levende krabbe, må den kokast først. Krabbe kan serverast naturell, slik som den er, men ein kan også reinske den før servering. Fjerne paven, gjelane og knekke klørne med ein nøtteknekkar. Legg krabbekjøttet tilbake i skalet så krabba ser heil ut før du serverer den.

Server krabbe naturell med loff, smør, majones og sitronbåtar, med pepar på bordet.

Tips: Som variasjon i tilbehøyret kan du servere chilisaus til.