lørdag 19. august 2017

Taco Poke bowl med laks er absolutt 2017


Mattrenden med mat i bolle blei introdusert med Smootie bowl allereie i 2015 der tjukk smootie vert servert i bolle med fargerik topping av frukt, bær, nøter og frø. Buddha bowl i 2016 er vegetarisk og er rett og slett salat der kvar ingrediens ligg kvar for seg, dandert i bolle. I 2017 er det Poke bowl som gjeld. Poke bowl eller poke bolle er ein Hawaii inspirert rett som serverast med rå marinert fisk eller sjømat over sushiris med lekkert danderte grønsaker der kvar ingrediens ligg kvar for seg. Bowl er altså sunn mat servert i bollar. 

Poke er også kjent som surfarane sin sushi, eller sunn hurtigmat frå Hawaii. For deg som er glad i sushi kan du lage poke på ein brøkdel av tida og ingrediensane kan varierast i det uendelige det er kun fantasien som set avgrensingar for kva du skal velge av sjømat og tilbehør. I helgas oppskrift er det laks, isbergsalat, mais og avokado saman med standard tacotilbehør som salsa, rømme og med tortillachips til.

Sunn livsstil og engasjement for miljø og berekraft viser at fleire gjer bevisste matval i løpet av veka og denne fredagstacoen er både sunn, knakande god og er eit kjøtfritt alternativ til helgas kosemat. La deg bli hekta på poke bowl!


POKE BOWL: Taco poke bowl med laks. Foto: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.

Ingrediensar til 4 porsjoner

500 g  laksefilet, utan skinn og bein
1 ss  frisk koriander
1 stk  lime
2 ts  sriracha chilisaus
2 ss  olivenolje

Salsa
1 stk  sjalottlauk
¼ stk  chili, raud
1 ss  frisk koriander
4 stk  tomat
salt

Tilbehør
1 stk  isbergsalat
1 stk  avokado
6 ss  mais
3 dl  lettrømme
tortillachips

Framgangsmåte
  • Skjer laksefilet i terningar.
  • Grovhakk koriander og press safta av ein lime.
  • Bland saman koriander, limesaft, sriracha chilisaus og olivenolje, og bland det inn med lakseterningane.

Salsa
  • Finhakk sjalottlauk, chili og koriander, og skjer tomatar i terningar.
  • Bland det godt saman og smak til med salt.
Tilbehør
Skjer isbergsalat i strimler og avokado i terningar.

Ha salaten i botnen av bollane og topp med avokado, mais, laks, salsa og lettrømme. Server med tortillachips. 



lørdag 5. august 2017

Makrell er ein strålande matfisk på grillen

Piren eller den unge makrellen vi får om sommaren er fantastisk å steike i steikepanna eller på grillen. Langs Sørlandskysten har den lenge vore viktig i kosten, medan nokre nordlendingar nektar å ete fisken. Det er viktig å slå sei slag for makrellen med fast, smakfullt kjøt og høgt innhald av det sunnaste feittet.

Makrell er ein stimfisk og manglar svømmeblære og må derfor symje heile livet for ikkje å synke. Om sommaren og utover hausten sym makrellen i stimar langs kysten og ute i Skagerak, Nordsjøen og Norskehavet. Makrellen gyt i dette området tidleg på sommaren.

Helgas oppskrift er eksotisk med tilbehør inspirert av både arabiske og sicilianske smakar. Ein av ingrediensane er tahini, dette er ei pasta av malte og lettrista sesamfrø med litt olje i, denne kan du lage sjølv eller du kjøpe på butikken. Makrell er ein sommarfestfisk som må nytast medan ein kan, også får den krispi og sprøtt skinn på grillen!

SOMMARMAKRELL: Foto: Makrell med ertehummus. Norges Sjømatråd, Aicha Bouhlou.

Ingrediensar til 4 porsjonar

8 stk  makrellfilet
salt og pepar
olivenolje
salt og pepar  olivenolje 

Hummus
250 g erter, fryst
250 g  kikerter, hermetiske 

2 fedd  kvitlauk 
1 stk  sitron 
2 ss  tahini 
1 ts  spisskum, malt 
2 ss  dill, frisk 
salt 

Topping
2 stk lauk 
2 ss  tomat, soltørka i olje 

1 ss  dill, frisk 
4 ss  pinjekjerner 
4 ss  rosiner 
4 ss  balsamicoeddik 
2 ss  honning 
olivenolje 

Framgangsmåte
  • Varm grillen.
  • Dryss salt og pepar over makrellfiletane, og pensle dei med olivenolje.
  • Legg filetene på grillen med skinnsida ned og grill i 5-6 minutt utan å snu fisken.
  • Kok erter møre i lettsaltet vann i ca. 2 minutt og slå av kokevatnet.
  • Sil av vatnet til kikerter, men spar på litt av vatnet.
  • Knus kvitlauk med flatsiden av ein kniv og press safta av sitron.
  • Kjør erter, kikerter, kvitlauk, sitronsaft, tahini, spisskum og dill til ein puré i ein kjøkkenmaskin eller med ein handblendar.
  • Tilsett litt av vatnet til kikertene for å få ønska tjukkelse og konsistens på hummusen.
  • Smak til med salt.
  • Grovhakk lauk, soltørka tomatar og dill.
  • Varm olivenolje i en steikepanne og steik lauken til den er mjuk og har fått ein gyldenbrun farge.
  • Rør inn pinjekjerner og rosiner, og steik i 1 minutt til.
  • Tilsett soltørka tomatar, dill, balsamicoeddik, honning og vatn


Server grilla makrell med ertehummus og topping. Dryss gjerne over litt grovhakket chili og dill dersom du har.

Tilbehør Nypotet eller kokte, grilla småpotet på grillspyd.

Tips: Dersom du ikkje har grill kan du steike makrellfiletane i ei grillpanne