søndag 15. mars 2020

Sterk, smakfull og asiainspirert steinbit


Min kjære er hobbyfiskar og sette garn i sist veke, der målet var vinterfiske med god fangst av hyse, lyr og sei til heimelaga fiskematproduksjon. Fangsten var ikkje overveldande, men heller ekstra spanande fordi ein stor og flott steinbit viste seg å vere i garnet!

Med ein slik skremmande rugg i garnet, må ein hobbyfiskar passe fingrane godt for dei spisse hoggtennene. Steinbiten et nemleg lett tjukkskala krabbe, sjel, kråkebollar og kreps. Smaken av steinbit ber derfor preg av skaldyr, fiskekjøtet er fast og perlekvitt og toler å bli kokt, steikt og grilla utan å miste fasong, dette er verkeleg ein god og brukande fisk.

Skinnet til steinbit er ei historie i seg sjølv, det er spesielt sterkt og det seiast at berre kenguruskinn skal vere sterkare. Eit tips er å la steinbiten henge ferdig sløya til neste dag, for då er det lettare å flekke av skinnet. Steinbit får ein sterk og god smak når den får trekke i asiainspirert saus med soya, kvitlauk, chili, ingefær og honning. Hobbyfiskaren min fekk den uhyggelege fisken ut av garnet utan å miste ein einaste finger og flekka lett av skinnet, så enden på fiskerihistoria vart eit gourmetmåltid!


STEINBIT:  Sterk, smakfull og asiainspirert steinbit. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 pers)
800 g steinbitfilet, utan skinn og bein
2 ss sitronsaft
8 vårlauk
½ raud chili

Saus
2 fedd kvitlauk
½ raud chili
2 ss frisk ingefær
4 dl vatn
1 dl soyasaus
2 ss honning
1 ts paprikapulver
1 ss sesamolje
sitronsaft
salt

Tilbehør
Sitron
Ris

Framgangsmåte
Skjer steinbit i serveringsstykke. Drypp over sitronsaft og la dei ligge kjølig 10 minutt. Skjer vårlauk i skiver på tvers og chili i ringar, og damp lett i litt vatn.

Saus
Finhakk kvitlauk og chili, og riv ingefær. Ha kvitlauk, chili og ingefær i ei kasserolle saman med dei andre ingrediensane til sausen og kok opp. Smak til med honning og sitron, og litt salt om nødvendig.
Legg fiskestykka i sausen og la dei trekke i sausen til dei er kokt, ca. 8 minutt. Server steinbit med saus, vårlauk, chili, ris og nokre sitronbåtar ved sidan av.


mandag 2. mars 2020

Bagel med røyka laks er smakfull helgelunsj eller turmat


Bagel er eit amerikansk frukostbrød som er forma  som ein ring. Holet i midten er eit mange hundre år gamal design, og holet kan nyttast til å knyte saman fleire bagelar som gjer det enklare for handel, transport og ei meir freistande utstilling. Bagel er sprø utanpå og har saftige konsistens inni, dette fordi baksten er først kokt og deretter steikt i bakaromnen. Bagel er også ofte toppa med smakfulle valmuefrø eller sesamfrø.

Røyking er ein fleire tusen år gamal metode for å auke haldbarheita på feit fisk, slik som laks, sild og makrell. I Norge er laks den mest solgte røykte fisken, den er fullstappa av sunt feitt og lukta vekker urmennesket i oss, samla rundt eit bål. Røykt laks er ei typisk norsk matvare og ei populær gåve.

Bagel er finbakst og i helga kan vi unne oss finare bakst som er knasande sprø med erkenorsk røykalaks, kremost og salat. Det er enkelt å lage og perfekt til lunsj eller turmat. God helg!

RØYKT LAKS: Bagel med røyka laks er smakfull helgelunsj eller turmat. Foto: Synøve Dreier, Norges sjømatråd. 

Ingrediensar (4 pers)
200 g røykt eller grava laks
8 ss naturell kremost
2 ss matfløyte
1 ts dijonsennep
1/3 ts salt
1/3 ts sukker
1 klype kajennepepar
2 dl kinakål
2 ss frisk persille
4 bagel
5 salatblad

Framgangsmåte
Skjer røykt laks i skiver. Rør saman kremost, matfløyte, dijonsennep, salt og sukker, og smak til med kajennepepar. Finsnitt kinakål og bland inn i sausen saman med hakka persille. Del bagelen i to, og ha litt kålsalat og salatblad på ein av halvdelane. Legg røkt laks over, dekk med den andre halvdelen av bagelen, og server.

Tips: I denne oppskrifta kan du bruke gravlaks i staden for røykt laks.