tirsdag 29. november 2022

Imponer gjestane med laksemousse og agurk i glas

Advent er jula si førebuingstid og viste du at det latinske namnet Adventus Domini betyr Herrens ankomst eller komme? Fiolett er advent sin farge og i denne mørketida tenner vi lys i adventskrans og vindauge, og ungane tel ned dagane fram til jul.

Advent er også tida der ein kan samle kollega, vener eller familie til førjulsselskap og kjekk prøvesmaking av både julemat- og drikke, det er slett ikkje uvanleg i dag!

Dersom du skal ha juleselskap enten før eller i jula, kan du kanskje prøve ut ein ny forrett? Denne nydelig krema laksemousse av røykt laks med agurk servert i små glas er ein forrett det er lett å imponere med. Laksmoussen kan lagast i god tid før gjestene kjem slik at du kan ta den rett fra kjøleskapet og servere. Ha ei fin førjulstid!

RØYKT LAKS: Imponer gjestane med laksemousse og agurk i glas. Foto: Aina Hole, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 pers)

200 g røykt laks

½ agurk

2 ½ dl fløyte

1 ts sitronsaft

1 ts kvitvinseddik

1 eggekvite

2 ss frisk bladpersille

pepar

rømme

 

Framgangsmåte

Bland røykt laks, fløyte, sitronsaft, kvitvinseddik og grovhakka bladpersille i ein kjøkenmaskin til du får en jamn krem. Ha laksekremen i ein bolle og tilsett salt og pepar etter smak. Rør godt. Pisk eggekviten stiv med ein elektrisk miksar og snu den forsiktig inn i laksekremen for å få ein luftig og lett mousse.

Fordel laksemoussen i små glas. Vask agurken, del den i to og fjern kjernen med ei skei før du skjer den opp i små terningar. Legg agurkterningar og laksemousse lagvis i glasa. Sett glasa i kjøleskap fram til dei skal etast. Pynt glasa med laksemousse med rømme og litt persille, og server kjølig som ein forrett eller til aperitiff.

Tips: server laksemousse i glas saman med ein liten sprø kjeks for meir crunch, eller oppå ein kjeks som snacks. Dersom du ønsker ein mildare laksemousse kan du bytte ut deler av røykelaksen med fersk rå laks.

mandag 14. november 2022

Fiskebollesupper er super mat for store og små!

 

Eg har jobba med Fiskesprell i mange år. Det er eit nasjonalt kosthaldsprogram der formålet er å legge til rette for at barn og unge og vaksne skal både like og å velje å ete meir fisk. Dette gjer ein ved å lage gode sjømatrettar saman, og ein kan sjå på det som ein del av folkehelsearbeidet i Norge.

Fiskesprell har eit rikt utval på gode oppskrifter som skal vere med på å skape sjømatglede og gjere at sjømat vert eit naturleg val i kvardagen, både i barnehagen, i mat og helse faget på skulen og heime.

Ein av mine favorittoppskrifter er fiskebollesuppe og blant «småkokkane» som har vore med på å lage og ete denne suppa, blir den raskt ein soleklar favoritt. Basen i suppa har ein mild karrismak med fint kutta fiskbollebitar oppi, toppa med sprø sukkererter. Både store og små vil digge denne!

FISKEBOLLAR: Fiskebollesupper er super mat for store og små! Foto: Studio Dreyer + Hensley.

   

Ingrediensar til 4 porsjonar

300 g fiskebollar

1 stk sjalottløk

2 stk gulrot

1 stk eple

3 ss smør

1 ts karri

2 ss kveitemjøl

1 dl matfløyte

fiskebollekraft

vatn

salt

 

Server med

10 stk sukkererter

 

Framgangsmåte

Skjer fiskebollar i mindre bitar. Finhakk sjalottløk, og skjer gulrot og eple i små terningar. Ha smør i ein kasserolle og fres sjalottløken blank. Tilsett karri og la det surre i 2-3 minutt. Drys over kveitemjøl og bland godt. Spe på med krafta til fiskebollane og vatn, og rør til du har ei jamn suppe. Ha i gulrot og la sukka koke i 2-3 minutt. Tilsett eplebitar, gi suppen eit oppkok, og ha i matfløyte og fiskebollar.

Smak til med salt og karri. Server suppa med strimla sukkererter dryssa over.

Tips: Til 4 porsjonar trenger du ca. 5-6 dl veske av fiskebollekraft og vatn.