onsdag 28. september 2022

Eit snev av India med omnsbakt sei med grøne linser

Det indiske kjøkkenet er like stort og variert som heile landet, men felles for maten er dei fantastiske kryddera og den gode smaken. Garam masala er ei indisk krydderblanding som kan variere frå familie til familie, men innhaldet er som regel: svart pepar, chilipepar, koriander, spisskum, kardemomme, kanel, muskat og nellik.

Grøne linser er god erstatning for potet og pasta, det er smart å bløytlegge dei ein times tid, då blir linsene større og vert raskare kokt. Garam masala på seifilet er eksotisk, smakfullt og veldig godt. Saman med grøne liser og yoghurt får denne retten absolutte eit snev av India. Velbekomme!

 

SEI: Eit snev av India med omnsbakt sei med grøne linser. Foto: Alf Børjesson, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsjonar)

700 g seifilet, utan skinn og bein

1 ss olivenolje

2 ts salt

2 ts garam masala

 

Linser

175 g grøne linser

1 fedd kvitløk

½ sitron

½ ts salt

 

Mynteyoghurt

2 dl naturell yoghurt

1 kvist frisk mynte

1 kvist frisk bladpersille

 

Framgangsmåte

Sett steikeomnen på 225 °C. Skjer sei i serveringsstykke, drypp over olivenolje, og dryss på salt og garam masala. Legg seistykka på bakepapir på steikebrett og bak dem på øvste rille i steikeomnen til dei er gjennomsteikte og lett brune på toppen, ca. 10 minutt.

Linser

Kok linsene møre i usalta vatn i ca. 15-20 minutt. Sil kokevatnet av. Finhakk kvitløk og press safta av sitron. Rør kvitløk og sitron saman med linsene, og smak til med salt.

Mynteyoghurt

Finhakk mynte og bladpersille, og rør inn i yoghurten.

Server den omnsbakte seien med linser og mynteyoghurt ved sidan av.

 

 

onsdag 21. september 2022

Pastasalat med reker er enkel og rask å lage!

Visste du at vår eigen Karen Warholm har blitt ambassadør for Norges Sjømatråd og at pastasalat med reker ein av hans favorittar! For Karsten som spring fort over hekkane er sjømat ein naturleg del av kosthaldet og no er han med på å spreie entusiasme rundt sjømat.

Her kjem nokre praktiske tips til korleis du kan inkludere meir fisk og sjømat når du planlegg vekas middagar:

1)      Spontanhandling gir ofte mindre smarte val, så planlegg familien sin vekemeny.

2)     Husk at fiskekaker, fiskepinnar, fiskebollar og fiskegrateng også er fiskemiddagar.

3)     Prøv nye rettar og smakar og som du likar, kanskje du finn ein ny favoritt?

 

Bonusen med å ete meir fisk er at det totale kosthaldet ditt blir sunnare, fordi fisk er ei god kjelde for mange viktige næringsstoff som mellom anna sunt feitt, smart protein og jod. Prøv denne pastasalaten med reker, som blir ekstra smakfull med din eigen tomatpesto!

REKER: Pastasalat med reker er enkel og rask å lage! Foto: Studio Dreyer+Hensley, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsj)

300 g reker utan skal

500 g pasta

2 dl ruccolasalat

12 stk cherrytomat

2 ss raudløk

 

Tomatpesto

2 fedd kvitløk

100 g soltørka tomat

2 ss pinjekjerner

2 ss parmesan

1 dl olivenolje

 

Fremgangsmåte

Tomatpesto

Køyr saman alle ingrediensane til pestoen i ein foodprosessor eller med stavmiksar til ein jamn mos.

 

Pastasalat

Kok pasta etter anvisning på pakken. Finhakk raudløk og del cherrytomatane i båtar.

Bland sammen reker, pasta, raudløk, cherrytomat, ruccolasalat og tomatpesto, og server.