mandag 2. januar 2017

Laks med raud curry paste og kokosmjølk

Nyttår er ofte tid for ettertanke, både om kva ein har gjort gjennom året føre og om kva ein kan gjere annleis neste år. Nyttårsforsett som å ete litt sunnare til kvardags som å knipe litt inn på feitt, søtt eller salt er ikkje uvanleg, og for mange er det eit mål å vere meir fysisk aktive til daglig. All bevegelse er bra for kropp og sjel og små kosthaldsgrep i kvardagen kan gjere ein stor forskjell for helse og trivsel.

Eit av kosthaldsråda frå Helsedirektoratet rår oss å ete fisk til middag to til tre gongar per veke, det viser seg at dette er ei utfordring for mange til kvardags, sjølv om vi bur «midt i fiskefatet». I Møre Nytt vil eg gjennom året dele mine beste fiskeoppskrifter, dei som er så gode at dei kan brukast til eit måltid godt laurdagskvelden eller til søndagsmiddag.

Retten som kjem i dag er utruleg lett og rask å lage, og er ein skikkelig laksefavoritt med smak frå austen. Curry paste er ein av ingrediensane og er mykje brukt i Thailand, Indonesia, Malaysia og Singapore og må ikkje forvekslast med indisk curry (gryte) eller krydderet karri. Curry paste er ei krema krydderblanding som inneheld mellom anna kvitløk, sitrongras, koriander, kaffirlime, fennikkel, chili og pepar. Blanda med den søte kokosmjølka og grønsaker vert dette ei smaksbombe av dei store. Alle ingrediensane får du kjøpt på ein vanleg dagligvarebutikk. Om du lagar heile porsjonen til ein eller to personar har du ein god restemiddag til måndag.

Laks med raud curry paste og kokosmjølk. Foto: Norges Sjømatråd, Tom Haga.


4 porsjonar:

600 g  laksefilet, utan skinn og bein 
1 stk  sjalottlauk 
1 stk  chili, raud 
2 stk  vårlauk 
4 stk  limeblad eller skalet raspa av ein lime 
2 ss  soyaolje 
2 ts  curry paste, raud 
4 dl  kokosmjølk 
1 ½ ts  soyasaus 
½  dl  vatn 
½  terning  fiskebuljong 
1 ts  sukker 

Framgangsmåte


  •         Skjær laksefileten i store terningar (2x3 cm).
  •         Reinsk og finhakk sjalottløk, fjern frø frå chili og skjær i strimlar.
  •         Reins og skjer vårlauk i tynne skiver, skjer limeblad i tynne strimler og kast stilken  eller rasp skalet av ein lime.
  •          Varm olje i ei steikepanne og brun lakseterningane på begge sider, i 1-2 minutt.
  •         Legg lakseterningane til side på eit fat.
  •         Surr sjalottlauk i steikepanna i ca. 2 minutt.
  •        Tilsett curry paste og kokosmjølk, og rør ofte.
  •         Ha i chili, soyasaus, vatn, buljongterning og sukker.
  •         Tilsett lakseterningane, vårløk og limeblad eller limeskal og la det småkoke i 2-3 minutt.

Servast med ris.

Tips: Om du vil ha ein mildare variant kan du bruke mindre curry paste. Retten er gluten- og laktosefri.