tirsdag 15. september 2020

Det blir fest med krabbe på bordet!

No om hausten har krabbene aller beste kvaliteten og er på sitt mest kjøtrike. Kokt krabbekjøt smakar friskt hav og er ein av dei mest eksklusive sjømatrettane ein kan servere. Taskekrabben er den vanlegaste krabbearten og ein finn den langs heile norske kysten opp til Troms, og dei vert fanga med teiner eller garn.

Skaldyr som krabbe, kreps, reker og hummar tek seg imponerande godt ut naturell på bordet og er perfekt mat å servere til gjestar. Du som inviterer slepp å lage mat i fleire timar, for noko av sjarmen med skaldyr- eller krabbelag er nettopp at gjestane må jobbe litt for å få ut maten sjølve.

Ha alltid nok serviettar tilgjengeleg og gjerne ein bolle med sitronvatn til å skyle fingrane i. Server skaldyr med loff, smør, majones og sitron. Eit lite dryss av sitronpepar på toppen av smørbrødet er magi, ha ei fin hausthelg!


       KRABBE:  Det blir fest med krabbe på bordet! Foto: Kim Holthe, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 2 porsjonar

4 krabbeskjel og litt ekstra krabbeklør

 

loff

smør

majones

sitron

sironpepar

 

Framgangsmåte

Krabben kan serverast som den er, men reinsk den gjerne før servering ved å fjerne paven og gjellane, og knekk klørne med ein nøtteknekkar.

Legg krabbekjøttet tilbake i skalet slik at krabben ser heil ut før du serverer den.

Server krabbe naturell med loff, smør, majones og sitronbåtar og med sitronpepar på bordet.


Tips: Som variasjon i tilbehøyret kan du servere chilisaus til.

torsdag 3. september 2020

Ønsk hausten velkommen med steikt kveite med blåbærsaus og kantarellar

Hausten er den fine tida som dannar overgangen frå sommar til vinter, temperaturen går ned, sola står lågare på himmelen og skuggane vert lange. Hausting frå hagen og naturen høyrer sjølvsagt med til denne årstida, og i år har det vore mykje både blåbær og sopp å finne i skogen. 

 Helgas oppskrift inneheld både blåbær og kantarell og det er ikkje store mengdene som skal til for å lage denne retten. Du treng altså 3 dl blåbær og 10 kantarellar, og dermed kan du kreditere deg sjølv for innhaustinga av ekte råvarer til denne middagen. 

 Om du ikkje kan så mykje om ulike soppar må ein alltid vite at sopp kan vere svært giftig og farleg. Kantarell er derimot den mest gjenkjennelege av alle matsoppane. Den er eggegul men butte gaffelreina ribbar på undersida av hatten og hatten er traktforma og med ei bølga rand på. Ingen giftige soppar liknar på kantarell. Lykke til med innsamlinga av haustens grøde, god helg!

KVEITE: Steikt kveite med blåbærsaus og kantarellar. Foto: Lauritzen og Westhammer, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar 
 600 g kveitefilet med skinn 
1 ½ ss salt smør 

Blåbærsaus 
3 dl blåbær 
6 dl kjøtbuljong 

 Saltbakte poteter 
12 potet havsalt 

 Kantarellstuing 
10 stk kantarellar 
2 stk sjalottlauk 
1 ss smør 
1 dl kvitvin 
½ sitron 
2 dl matfløyte 
1 ss frisk graslauk s
alt og pepar 
sukker 

Framgangsmåte 
Set steikeovnen på 180 °C. Skrap skinnet på kveita, dryss kjøttsida med salt og la den ligge i 5-10 minutt. Skyll av saltet, tørk fisken godt og skjer i porsjonsstykke. Brun fisken godt på skinnsida i smør i ca. 5 minutt. Snu den og steik den ca. 1 minutt på den andre sida. Blåbærsaus Kok blåbær og kjøttbuljong i ca. 1 time til buljongen får god smak av bæra. Sil blandinga og kok sausen inn til omtrent det halve. Saltbakte poteter Skrubb og tørk potetene og legg dei i ei eldfast form med rikeleg med havsalt i botnen. Dryss salt over potetene og bak i steikeovnen til dei er møre, ca. 30-40 minutt, avhengig av størrelsen. Børst av overflødig salt før servering. Kantarellstuing Skjer kantarell i mindre biter og finhakk sjalottlauk, og steik gyllen i smør. Slå på kvitvin og safta av sitron, og la det koke nesten helt inn. Tilsett matfløyte og la stuingen småkoke til den tjuknar. Smak til med salt, pepar og litt sukker. Rør inn finhakka graslauk før servering. 

 Server kveita med blåbærsaus, saltbakte poteter og kantarellstuing.

Wrap med steik makrell og ratatouille

Ingenting er så artig som å fiske makrell, er du heldig å treff på ein stim kan ein fort hale i land ei bøtte med sprellande fangst! Unge makrellar kallast for pir og mange meiner at det er den aller beste makrellen du kan få tak i. Om du ikkje fiskar sjølv, kan du kjøpe makrell i butikken og makrell er sommarmat nummer ein for mange.

Makrell er stappfull av sunne marine omega – 3-feittsyrer, desse er med på å forebygge og bremse utviklinga av hjarte- og karsjukdomar og er svært viktige for utvikling av hjernen. Makrellen har altså så stor feittprosent at eit kjøkkentips er å gi makrellen romtemperatur for å unngå at den krøllar seg på grillen eller i steikepanna. 
 

Visste du at denne tigerstripa og alltid svømmande stimfisken manglar svømmeblære og må derfor vere i konstant bevegelse for å ikkje synke? Det gir ein herleg seinsommarfølelse på legge fersk makrell på grillen, og saman med fransk grønsaksblanding pakka i wrap er dette smakfulle munnfullar.

MAKRELL: Wrap med steik makrell og ratatouille. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar
600 g makrellfilet utan skinn og bein
1 ss rapsolje
4 tortillalefser
salt og pepar
grillfolie

Ratatouille (fransk grønsaksblanding)
1 gul lauk
1 raud paprika
½ aubergine
1 fedd kvitlauk
1 grøn squash
3 ss olivenolje
400 g grovhakka hermetiske tomatar
2 ss frisk basilikum
salt og pepar

Framgangsmåte
Skjer makrellfiletane i serveringsstykke. Brett eit ark grillfolie dobbelt og smør med rapsolje. Krydre makrellen med salt og pepar, og legg den på folien. Steik den på grillen i ca. 2 minutt, snu den og steik den 2 minutt på den andre sida.

Ratatouille
Vask, reinsk og skjer alle grønsakene i like store bitar. Varm opp olivenolje i ei steikepanne på middels varme. Begynn med å surre lauken i oljen til den er mjuk og blank. Tilsett en sort av grønsakene om gongen og la det surre i 1 minutt før du tilsett neste sort. Ha i meir olivenolje ved behov. Sil hermetiske tomatar og tilsett tomatmassen saman med dei andre grønsakene. La grønsakene trekke på middels varme til dei er møre. Ha i finhakka basilikum, og smak til med salt og pepar. Legg litt ratatouille langs midten av kvar tortillawrap og legg makrell over. Brett, rull saman og server.

Tips: Dersom du ikkje har tilgang til grill kan makrellen også steikast i steikepanne.