fredag 7. juli 2017

Marinert klippfisk på grillen er årets sommarfavoritt!

Klippfisk er fantastisk grillmat! Den er også enklare å få heilt perfekt enn anna fisk, sidan den er litt fastare i fisken. Når du skal grille klippfisk må nokre ting vere klart før du startar. Klippfisken er veldig salt og den må vatnast ut før bruk, og når den skal brukast til steiking og grilling bør den vatnast ut lengre enn til ei klassisk bacalaogryte. Ferdig utvatna klippfisk kan også frysast ned slik at den er klar til ei seinare anledning.

Det rette tilbehøret til grilla klippfisk gir måltidet ein ekstra spiss. Sjømat krev litt salt og syre for at smaken skal kome til sin rett, og marinaden gjer jobben med å framheve den gode sjømaten. Marinaden i denne retten kan du også pensle ekstra på etter at fisken er grilla. Om du ikkje har ei grillrist som vist på bilde kan du med fordel bruke eit grillbrett på grillen.

Om sommaren er det nydelig med friske smakar, slik som i denne mango- og avokadosalaten: søtt, mjukt, knasande sprø lauk og eit hint av chili og sitrus. Dette gir ein ny grillopplevelse med ei tradisjonsrik råvare, hopp i havet kor godt!

SOMMARFAVORITT: Marinert klippfisk er fantastisk grillmat. Foto: Norges Sjømatråd, Eva Brænd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

500 g klippfisk, utvatna og reinska 
1 dl  olivenolje 
1 ts  pepar, heil svart 
2 ss  sherryeddik 
1 stk  laurbærblad 
1 stk  avokado 
½ raudlauk 
½  chili, raud 
2 ss  persille, frisk 
2 ss  lime 
4 ss  appelsin 
1 ss  olivenolje 
salt og pepar 

Marinade
½ chili, raud

Mango- og avokadosalat
1 stk  mango 

Tilbehør
Nypotet eller set kokte amadinepoteter som er delt i to på grillspyd, pensle dei med olje og grill. Det er også enkelt og godt med brød ved sidan av.

Framgangsmåte
·         Skjer klippfisken i serveringsstykke.
·         Finhakk chili, bland den saman med dei andre ingrediensane til marinaden.
·         Slå marinaden over klippfisken, og la den marinere i 3-4 timar.
·         Legg klippfisken i ei dobbel grillrist eller på eit grillbrett og steik den på varm grill i 3-4 minutt på kvar side.

Mango- og avokadosalat
·         Skjer mango, avokado og raudlauk i små terningar, og finhakk chili og persille.
·         Riv skalet av limen, og press safta av lime og appelsin.
·         Bland mango, avokado, raudlauk, chili og persille med olivenolje, og slå over limesaft og appelsinsaft.
·         Dryss rive skal av lime på toppen av salaten og smak til med salt og pepar.

Server klippfisk med mango- og avokadosalat og nypotet, grilla amadinepotet eller brød ved siden av.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar