lørdag 19. august 2017

Taco Poke bowl med laks er absolutt 2017


Mattrenden med mat i bolle blei introdusert med Smootie bowl allereie i 2015 der tjukk smootie vert servert i bolle med fargerik topping av frukt, bær, nøter og frø. Buddha bowl i 2016 er vegetarisk og er rett og slett salat der kvar ingrediens ligg kvar for seg, dandert i bolle. I 2017 er det Poke bowl som gjeld. Poke bowl eller poke bolle er ein Hawaii inspirert rett som serverast med rå marinert fisk eller sjømat over sushiris med lekkert danderte grønsaker der kvar ingrediens ligg kvar for seg. Bowl er altså sunn mat servert i bollar. 

Poke er også kjent som surfarane sin sushi, eller sunn hurtigmat frå Hawaii. For deg som er glad i sushi kan du lage poke på ein brøkdel av tida og ingrediensane kan varierast i det uendelige det er kun fantasien som set avgrensingar for kva du skal velge av sjømat og tilbehør. I helgas oppskrift er det laks, isbergsalat, mais og avokado saman med standard tacotilbehør som salsa, rømme og med tortillachips til.

Sunn livsstil og engasjement for miljø og berekraft viser at fleire gjer bevisste matval i løpet av veka og denne fredagstacoen er både sunn, knakande god og er eit kjøtfritt alternativ til helgas kosemat. La deg bli hekta på poke bowl!


POKE BOWL: Taco poke bowl med laks. Foto: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.

Ingrediensar til 4 porsjoner

500 g  laksefilet, utan skinn og bein
1 ss  frisk koriander
1 stk  lime
2 ts  sriracha chilisaus
2 ss  olivenolje

Salsa
1 stk  sjalottlauk
¼ stk  chili, raud
1 ss  frisk koriander
4 stk  tomat
salt

Tilbehør
1 stk  isbergsalat
1 stk  avokado
6 ss  mais
3 dl  lettrømme
tortillachips

Framgangsmåte
  • Skjer laksefilet i terningar.
  • Grovhakk koriander og press safta av ein lime.
  • Bland saman koriander, limesaft, sriracha chilisaus og olivenolje, og bland det inn med lakseterningane.

Salsa
  • Finhakk sjalottlauk, chili og koriander, og skjer tomatar i terningar.
  • Bland det godt saman og smak til med salt.
Tilbehør
Skjer isbergsalat i strimler og avokado i terningar.

Ha salaten i botnen av bollane og topp med avokado, mais, laks, salsa og lettrømme. Server med tortillachips. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar