søndag 1. oktober 2017

Småsprø krede med eplesaus

Aure eller salmon trutta (lat.) er ein fisk i laksefamilien og kan variere i storleik, form og levestad. Aurekjøtet er enten kvitt eller rosa. Namn som røyr, innsjøaure, bekkeaure, fjellaure og sjøaure er vanleg, men på ekte sunnmørsk er krede namnet på ein liten aure.

Krede er ein av dei mest populære fiskane blant sportsfiskarar og fisket foregår helst med garn, oter eller stang. Det finnast mange lokale fiskevatn med mykje fisk. Dersom du vil fange krede sjølv, så gjer deg kjent reglane for fiske enten det er fiskekort eller løyve frå fiskerettshavaren som gjeld. Krede finnast også i ferskvare- eller frysedisken.

Krede har vore viktig for både norsk matkultur og friluftsliv gjennom fleire hundre år. Krede kan røykast, gravast, saltast, kokast og grillast. Dagens oppskrift er langsteikt krede på svak varme med frisk eplesaus. Dette er eit nydelig festmåltid med milde, friske  og gode smakar. Plukk og bruk gjerne norske syrlege eple frå hagen til sausen, det gjer susen!

SUNNMØRSK: Krede med eplesaus. Foto: Norges Sjømatråd, Håkon Messel.


Ingrediensar til 4 porsjonar

4 reinska krede (aure)
4 ss  pinjekjerner 
salt 

Saus
1 ½   eple 
2  sjalottlauk 
4 dl  kvitvin 
1 dl  kremfløyte 
125 g  smør, usalta 
salt og pepar 

Tilbehør
200 g  sukkererter 
potet 


Framgangsmåte

·        Reinsk kreda slik: Ta ut innmaten, skjer av hovudet og sporen og skrap skinnet med butt kniv. Skyl godt av i rennande kaldt vatn. Del kreda i to langs ryggbeinet og ta ut ryggbeinet på begge halvdelane, men behald gjerne skinnet på filetane. Tørk filetane godt i kjøkenpapir.
·         Dryss litt salt på fileten og steik den eine sida på svak varme over lang tid, ca. 20 minutt, slik at overflata karamellisera seg.
·         Rist pinjekjernane på tørr steikepanne. 

Saus
·         Skrell og skjer eple i terningar, og finhakk sjalottlauk.
·         Ha sjalottlauk og kvitvin i ein kasserolle og kok til konsistensen er som sirup.
·         Tilsett kremfløyte, kok opp og ha i nokre av epleterningane.
·         Rør inn smør, litt om gongen, til passe konsistens.
·         Sil sausen og smak den til med salt og pepar. 
·         Tilsett resten av epleterningane i sausen ved servering. 

Server nysteikte kredefiletar med pinjekjerner og nykverna pepar dryssa over, og med eplesaus, kokte sukkererter og poteter ved sidan av. Pynt med bladpersille.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar