fredag 10. november 2017

Ein smak av Brasil med klippfisk Moqueca

Brasil er Sør-Amerikas største stat og den femte største i verda, både i folketal og areal. I Brasil er det offisielle språket portugisisk og befolkninga bur i hovudsak langs den lange kysten mot Atlanterhavet, der mesteparten av landet har tropisk klima.

Brasil er eit av dei viktigaste eksportmåla for norsk klippfisk og det vert sagt at ei dyktig brasiliansk kvinne skal kunne lage 365 ulike klippsfiskrettar. Dette betyr at brasilianarane elskar råvara frå Norge og har ei stor bredde av rettar som dei kan lage av klippfisk.

Moqueca er ein tradisjonell brasiliansk rett og i denne oppskrifta frå byen Salvador møter norsk klippfisk både frukt og kokosmjølk frå tropane. Moqueca betyr lapskaus på portugisisk og resultatet vert ei salt og søt sjømatgryte med smakar frå Brasil. Norsk klippfisk i tropisk drakt gir ei ny sjømatoppleving!

BRASIL: Klippfisk møter frukt og kokosmjølk frå tropane i retten Moqueca frå Brasil . Foto: Norges Sjømatråd, Marco Terranova.



Ingrediensar til 4 porsjonar

800 g  klippfisk, utvatna og reinska
1 stk  papaya eller mango
1 stk  grøn paprika
8 stk  cherrytomat
1 stk  lauk
6 stk  vårlauk
2,5 dl  olivenolje
5 dl  kokosmjølk
salt 
Tilbehør
ris 

Framgangsmåte

·         Skjer klippfisk i serveringsstykke.
·         Skjer papaya eller mango og paprika i terningar.
·         Del cherrytomat i to, grovhakk lauk, og finhakk vårlauk. 
·         Bland papaya eller mango og alle grønsakene godt saman og del i to like store delar.
·         Ha eine halvparten i ein kasserolle saman med olivenolje og kokosmjølk.
·         Kok under stadig omrøring i 15 minutt. Det skal tjukne litt.
·         Tilsett resten av grønsakene og klippfisk, og kok vidare på svak varme i ca. 15 minutt utan å røre.
·         Smak til med salt.

Server gryta med kokt ris.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar