torsdag 5. april 2018

Silltårta eller smørbrødkake av sild er perfekt til påske!


Smørbrødkake eller silltårta er ein klassisk svensk spesialitet. Sill betyr sild og tårte betyr kake på svensk. Det er altså ei rund smørbrødkake, som kan delast opp i bitar og delast med mange. Det fine med kaker er at dei et vi for i feire noko, nokon eller kun for å forgylle tilværelsen.
Svenskane elskar sine smørbrødkaker og gjerne med sild i. Dei serverer dei gjerne på sin nasjonaldag, til svensk midtsommarfest, til jul eller på påskebuffet. Når ein søker på nettet kan ein finne mange spennande oppskrifter som: Somrig & enkel matjetårta, Silltårta til jul og Underbara Claras silltårta.
Saltsuget vert stetta med silltårte og det er mettande med finsk rugbrød i botnen. Silltårte er enkel å lage, og både botnen og fyllet kan ein lage dagen før. På påskebordet eller til påskefrukost smaker silltårte godt og ser fint og påskegul ut. Du vil også kunne imponere dine påskegjestar med denne lekkerbisken på bordet, ha ei riktig god påske!

SVENSK: Silltårta er imponerande på påskebordet eller til påskefrukost. Foto: Norges sjømatråd, Marianne Aronsen.

Ingrediensar til 4 porsjonar

400 g kryddersildfilet
8 stk egg
350 g rugbrød
1/3 ts karve
125 g smør
½  stk raudlauk
1 frisk kvist dill
bakepapir
24-26 cm springform

Fyll
200 g kremost, naturell
3 dl lettrømme
½ ts sukker
1 ts kvitvinseddik
1 ts sennep
1 dl frisk dill
1 dl frisk graslauk
½ ts salt
3 stk gelatinplate
pepar

FRAMGANGSMÅTE

Smak på sildefiletene og legg dei i vatn eller mjølk eit par timer dersom dei er for salte. Kok egg i 10 minutt og avkjøl i kaldt vatn. Skjer skorpene av rugbrødet og kjør i ei matmølle til alt er finmost. Tilsett knust karve og mjukt smør, og bland saman til ein fast deig. Ha bakepapir i botnen av ei springform og smør kantane. Trykk deiga saman til ein fast botn i forma.

Fyll
Rør saman kremost og lettrømme til ein jamn masse, og tilsett sukker, kvitvinseddik og sennep.
Vend inn hakka dill og graslauk, og smak til med salt og pepar. Skjer halvparten av sild og egg i biter, og vend dei inn i røra. Ha gelatinplater i kaldt vatn i 5 minutt og klem ut vatnet når dei er mjuke.
Løys opp gelatinen i eit par spiseskjeier kokande vatn og avkjøl. Vend ei spiseskjei av fyllet inn i  gelatinen, og vend gelatinblandinga inn i resten av fyllet med ein slikkepott. Slå fyllet jamt over brødbotnen i forma, dekk til og set kaldt til fyllet begynner å stivne, minimum 3 timar. Skjer resten av sild i bitar, egg i skiver og raudlauk i tynne båtar, og fordel over silltårtan rett før servering. Server med dill på toppen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar