mandag 18. februar 2019

Festmåltid med pannesteikt skrei med appelsinsaus og potetmos

No er det sesong for skrei, denne fantastiske torsken som har svømt frå Barentshavet og ned til norske kysten. Ordet skrei kjem frå det norrøne ordet skreið som betyr fisk som skrider eller vandrar. Fiskekjøtet til den vandrande skreien har derfor ekstra mykje musklar, god fastheit og er kvitt og delikat.

I dag har eg også tips til nytt kjøkenreiskap til deg som ikkje er verdsmeister med kniven og redd for fingertuppane. Invester i ein mandolin, denne er heilt uunnverleg når du skal lage syltynne skiver slik det skal vere til både salaten og grønsakschipsen til helgas festmåltid.


Ein festmiddag betyr at det serverast noko eksklusivt og dampande godt på tallerkenen. Helgas oppskrift er å ta skreimiddagen til eit nytt nivå. Pannesteikt skrei med ein frisk appelsinsaus, potetmos og salat av appelsin og fennikel er eit realt festmåltid i sesong!


SKREI: Festmåltid med pannesteikt skrei med appelsinsaus og potetmos. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar:

800 g skreifilet med skinn
3 ss salt
2 fedd kvitlauk
2 kvister frisk timian
2 ss olivenolje
Smør

Appelsinsaus
1 appelsin
100 g smør

Potetmos
600 g potet
2 ss smør
1 dl matfløyte
salt og pepar

Salat
1 appelsin
1 frisk fennikel
½ raudlauk
1 ss olivenolje
salt og pepar

Rotgrønsakschips
100 g gulrot
100 g raudbete
4 dl solsikkeolje
salt og pepar

Framgangsmåte
Skrap skreiskinnet godt, dryss salt over fisken og la den ligge i 10 minutt. Skyl av saltet og tørk godt med tørkepapir, og skjer fileten i porsjonsstykke. Knus kvitlauksfedd lett med flatsida av ein kjøkkenkniv. Varm olivenolje i ei steikepanne, ha i kvitlauk og timian, og steik skreien med skinnsida ned til skinnet er sprøtt, ca. 4 minutt. Snu skreien, tilsett smør og trekk steikepanna av varmen. La skreien trekke til den akkurat er gjennomsteikt, ca. 4 minutt. Ta skreien ut av steikepanna, legg til side og hald den varm.

Appelsinsaus
Press safta av appelsin og ha i steikepanna som skreien ble stekt i. Kok appelsinsafta til mengda er halvert. Sil over i ein liten gryte og rør inn kaldt smør i terningar. Smak til med salt. Varm opp sausen forsiktig før servering, den skal ikkje kokast.

Potetmos
Skrell potet, skjer i bitar og kok møre i lettsaltet vatn, ca. 15 minutt. Slå av kokevatnet, og mos potetene med ein potetmosar eller ein gaffel. Tilsett smør og matfløyte, og mos til ønska konsistens. Smak til med salt og pepar.

Salat
Skrell appelsin og del i båtar. Finsnitt fennikel og raudlauk. Bruk gjerne ein mandolin om du har.
Vend appelsinbåtar, fennikel og raudlauk i olivenolje, og smak til med salt og pepar.

Rotgrønsakschips
Vask og skjer gulrot og raudbeter i papirtynne skiver, og legg i ein bolle med iskaldt vann. Bruk gjerne en mandolin om du har. Ha solsikkeolje i ei gryte og varm opp til ca. 180 °C. Bruk ein spisepinne av tre for å sjekke om det er varmt nok, det skal boble rundt spissen. Tørk godt av grønsakene med eit tørkepapir og friter i kasserollen i puljer til dei er sprø og gylne. Pass på steiketida, særleg på raudbetane. Bruk ei holsleiv og løft dei over på eit tørkepapir så feittet får renne av. Krydre med salt og pepar.

Server skreien med appelsinsaus, potetmos og salat. Ha rotgrønsakschips på toppen.

Tips: Fileter gjerne appelsinen ved bruk av ein skarp kniv. Skjer først vekk skalet slik at det ikkje er noko kvitt igjen, og skjer deretter ut båtar mellom hinnene på appelsinen. Du kan også få kjøpt ferdig rotgrønsakschips på utvalde helsekostbutikkar.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar