onsdag 12. juni 2019

God pinse med grilla breiflabb i marinade!


Denne helga er det pinse og vi har snudd kalenderen frå mai til juni, ja no ligg sommaren endeleg for døra. Grillsesongen er i gong, og dei fleste av oss vil helst nyte grillmat på godversdagar. Lat oss håpe og drøyme om at vi får mange godversdagar i sommaren som ligg framfor oss, slik at vi kan nyte den med både heimekos, fest og ferie. ¨

Å marinere når ein skal grille har til hensikt å gi maten betre mørning, smak, utsjånad og steikeeigenskapar. Sjømat treng både salt og syre for at smaken skal kome til sin rett, men både ingefær, honning, chili, kvitlauk, estragon, persille, graslauk og pepar i marinaden er med på å framheve den gode smaken av sjømat. Hugs at fisk som marinerast i kjøleskap kan ligge til neste dag, medan fisk som vert marinert i romtemperatur må grillast same dag.

Breiflabb eller marulk er «havets indrefilet», den er kvit og fast i fiskekjøtet og til og med beinfri. Det er ein svært god fisk å grille, men den må ikkje steikast for mykje, då blir den trevlete. Bruk gjerne steiketermometer og ta den av grillen når kjernetemperaturen er 50 grader. La fisken kvile i 5-10 minutt, akkurat slik som ein biff, og pensle gjerne med meir marinade før servering. God pinse!


PINSE: God pinse med grilla breiflabb i marinade. Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.


 
Ingrediensar til 4 porsjonar:

800 g breiflabbfilet
olje

Marinade
½  fedd kvitlauk
1 ts frisk estragon
2 ss frisk persille
1 ss frisk graslauk
1 sitron
1 dl olivenolje
1 ts salt
½ ts pepar

Grønnsaksspyd
12 smålauk
12 cherrytomat
olivenolje
salt og pepar

Mangosalsa
1 mango
1 raudlauk
½  ananas
3 ss frisk koriander
½ raud chili
1 lime

Framgangsmåte
Skjer breiflabb i serveringsstykke. Finhakk kvitlauk og urtene til marinaden og bland dei med saft av sitron, olivenolje, salt og pepar. Legg breiflabbstykka i marinaden i ca. 30 minutt. Ta fisken opp av marinaden og tørk den godt. Pensle med litt olje og legg den på god og varm grill.

Grønsaksspyd
Skrell lauk og gi dei eit oppkok i vatn. Tre lauk og cherrytomat vekselvis på spyd, pensle med olje og dryss over litt salt og pepar. Grill spyda rett på varm grill, snu dei ofte.

Mangosalsa
Finhakk ingrediensane til salsa og bland dem med safta av lime. La salsaen trekke ca. 2 timar i kjøleskap slik at smakene får blande seg godt.

Server grilla breiflabb med grønsaksspyd og mangosalsa.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar