fredag 7. februar 2020

Hurra lofottorsken har kome og det er tid for skreimølje!


Skrei kjem frå verdast største torskebestand og vandrar kvar år frå Barentshavet og ned til Norskekysten. Skreien har mykje betre kondisjon og meir musklar enn torsk som lever stasjonært, fiskekjøtet har derfor fast og fin i konsistensen og er svært kvitt. Over 40 % av all skrei vert fiska i Lofoten og Vesterålen i sesongen frå januar til april, og no har skreien kome og det kan dukast til skreimølje.

Torbjørn Egner skildra skreien sitt livsløp i Torskevisa slik: «En ekte Lofottorsk jeg er, for jeg er født i Henningsvær. Fadderullan dei, fadderullan dei, fadderullan dullan dei.» Denne barnesongen om lofottorsken har i alt ni vers og det siste er slik: «Hvis en tilslutt skal spise meg, så håper jeg at det blir deg. Fadderullan dei, fadderullan dei, fadderullan dullan dei.»

Skreimølje er ein tradisjonsrett og serverast langt heile kysten no i sesongen. Nytrekt skrei eller lofottorsk med følge av rogn og lever er ein kraftig rett som oftast krev ein middagslur etterpå. Både den gode maten og kvila gjer godt, god helg!


SKREI: Hurra lofottorsken har kome og det er tid for skreimølje! Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd. 


Ingrediensar (4 porsj)

Til koking
4 skiver skrei
3 ss salt per liter vatn

Rogn
1 rogn
1 l vatn
1 ss salt

Lever
1 lever
1 ½ dl vatn
1 ts salt
1 ts eddik
1 ts heil pepar
2 laurbærblad

Reinsk fiskeskivene reine for blod. Legg dei i kaldt vatn, gjerne rennande, i ca. 1 time. Kok i mellomtida rogn og lever. Pakk rogna i matpapir for å sikre at den ikkje koker sund. Kok opp vatn med salt, legg i rogna, kok opp og skru ned varmen. La rognen trekke til den er gjennomkokt, ca. 30—45 minutt etter tjukkelsen. Trekk hinna av levera og del den opp i mindre stykke. Kok opp vatn med salt, eddik, pepar og laurbærblad. Legg i levera, kok opp og la levera trekke i 10—15 minutt. Kok opp nok vatn til at fiskestykka dekkast. Tilsett salt og kok opp. Legg i fiskeskivene, kok raskt opp, skru ned varmen og la fisken trekke til den er gjennomkokt, ca. 8 minutt. Server fisken med nykokt med rogn i skiver, levera i laken og gode poteter, eventuelt også kokte gulrøter og brokkoli. Det smakar godt med flatbrød, nypressa sitron til og pynt gjerne med persille.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar