torsdag 3. september 2020

Wrap med steik makrell og ratatouille

Ingenting er så artig som å fiske makrell, er du heldig å treff på ein stim kan ein fort hale i land ei bøtte med sprellande fangst! Unge makrellar kallast for pir og mange meiner at det er den aller beste makrellen du kan få tak i. Om du ikkje fiskar sjølv, kan du kjøpe makrell i butikken og makrell er sommarmat nummer ein for mange.

Makrell er stappfull av sunne marine omega – 3-feittsyrer, desse er med på å forebygge og bremse utviklinga av hjarte- og karsjukdomar og er svært viktige for utvikling av hjernen. Makrellen har altså så stor feittprosent at eit kjøkkentips er å gi makrellen romtemperatur for å unngå at den krøllar seg på grillen eller i steikepanna. 
 

Visste du at denne tigerstripa og alltid svømmande stimfisken manglar svømmeblære og må derfor vere i konstant bevegelse for å ikkje synke? Det gir ein herleg seinsommarfølelse på legge fersk makrell på grillen, og saman med fransk grønsaksblanding pakka i wrap er dette smakfulle munnfullar.

MAKRELL: Wrap med steik makrell og ratatouille. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar
600 g makrellfilet utan skinn og bein
1 ss rapsolje
4 tortillalefser
salt og pepar
grillfolie

Ratatouille (fransk grønsaksblanding)
1 gul lauk
1 raud paprika
½ aubergine
1 fedd kvitlauk
1 grøn squash
3 ss olivenolje
400 g grovhakka hermetiske tomatar
2 ss frisk basilikum
salt og pepar

Framgangsmåte
Skjer makrellfiletane i serveringsstykke. Brett eit ark grillfolie dobbelt og smør med rapsolje. Krydre makrellen med salt og pepar, og legg den på folien. Steik den på grillen i ca. 2 minutt, snu den og steik den 2 minutt på den andre sida.

Ratatouille
Vask, reinsk og skjer alle grønsakene i like store bitar. Varm opp olivenolje i ei steikepanne på middels varme. Begynn med å surre lauken i oljen til den er mjuk og blank. Tilsett en sort av grønsakene om gongen og la det surre i 1 minutt før du tilsett neste sort. Ha i meir olivenolje ved behov. Sil hermetiske tomatar og tilsett tomatmassen saman med dei andre grønsakene. La grønsakene trekke på middels varme til dei er møre. Ha i finhakka basilikum, og smak til med salt og pepar. Legg litt ratatouille langs midten av kvar tortillawrap og legg makrell over. Brett, rull saman og server.

Tips: Dersom du ikkje har tilgang til grill kan makrellen også steikast i steikepanne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar