onsdag 9. desember 2020

Sildesalat med urter er like god til frukosten som på kaldtbordet

Sildesalatar høyrer jula til og dei finnast i mange variantar og kjære familieoppskrifter. Sursild, tomatsild, sennepssild, karrisild, rømmesild og sherrysild er eit lite knippe av typiske julesildesalatar, og ein av dei mest kjende familieoppskriftene er Stoltenbergs sildesalat med spekesild, hardkokte egg, rømme og med både smak og farge av raudbete.

Den ekte «Sildakongen» kjem frå Haugesund, for det var Arvid Otto Mørch (f.1954) som verkeleg fekk fart i omsetninga av nye og spennande sildepålegg. Hans firma produserte eksklusive sildesalatar og dette vart hans varemerke. Frå før av hadde han tatt Sildenskiold som mellomnamn, og det er litt morosamt å vite at etter firma og rettigheitene til merkevara Sildakongen vart selt er hans fulle namn Sildakongen Arvid Otto Sildenskiold Mørch.

Ein god sildesalat kan freiste på frukostbordet no i førjulstida og i sjølve jula kan den nyttast på til fest på julekaldtbordet. Sildesalat med urter er utruleg enkel å lage, det som tek litt tid er å kutte opp ingrediensane, og å blande dei saman tek sekund. Bonusen med å ete sild no i mørketida er at vi får i oss vitamin D som vi treng sårt no når sola er vekk, og ikkje minst gode marine omega-3-feittsyrer som verkar som forebyggande hjartemedisin. Ha ei fortsatt god adventstid!


SILD: Sildesalat med urter er like god til frukosten som på kaldtbordet. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.



Ingrediensar til 4 porsjonar

3 utvatna kryddersildfilet

2 stilk stongselleri

1 grøn paprika

3 ss spirar

 

Dressing

2 ss frisk persille

2 ss frisk dill

2 ss frisk graslauk

2 ss karse

1 dl lettrømme

1 dl matyoghurt

salt og pepar

 

Framgangsmåte

Skyl sildefiletane, tørk dei godt og skjer dei i små terningar. Skjer stongselleri i tynne skiver og paprika i små terningar, og bland med sildeterningane.

Dressing

Finhakk persille, dill, graslauk og karse, og bland med lettrømme og matyoghurt. Vend sild og grønsaker inn i dressingen.

Smak til med litt salt og pepar.

Server salaten med spirer dryssa over.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar