mandag 25. januar 2021

Det blir fin fredag med sunn fisketaco!

 «Ingen fredag utan taco», eller rett og slett berre «fredagstaco» som mange seier, uttrykket har blitt nærmast eit slagord i Norge. Eit slagord vert beskrive som eit slåande ord eller uttrykk om ein bevegelse, eit program eller liknande, det er i alle fall mange som har taco fast på menyen fredagar.

Kva er det med taco vi likar så uendeleg godt? Det er sjølvsagt den mexicanske smaken i krydderblandinga (du kan lage eiga krydderblanding) i kombinasjon med friske grønsaker, sprø tacoskjell eller mjuke tacolefser med saftig topping av rømme, chilimajones eller guacomole.

Den tradisjonelle hovudingrediensen i «norsk taco»  er kjøtdeig. Mattrenden no er at mange vil ete mindre kjøt og meir fisk, så no kan vi modernisere tacoen. Bytt ut kjøtfarse som inneheld metta feitt, til fisk med supersunne fleirumetta feittsyrer. Snu fiskestykka i den herlege krydderblandinga, steik og legg dei i tacolefsa eller skjelet og legg på dine favorittgrønsaker med topping. Vips så har fredagstacoen blitt både modernisert og sunnare!

TACO: Det blir fin fredag med sunn fisketaco! Foto: Dreyer- Hensley, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar

200 g laksefilet, utan skinn og bein

200 g torskefilet, utan skinn og bein

1 pk tortillalefser

½ pk tacokrydder eller heimelaga tacokrydder

½ raudkål

½ agurk

1 mango

2 vårlauk

100 g fetaost

2 dl chilimajones

2 lime

Frisk koriander

Framgangsmåte

Kutt laks og torsk i terningar. Snu fisken i tacokrydder før den steikast med nøytral olje i ei steikepanne. Kutt raudkål, agurk og mango i smale strimlar. Hakk opp vårlauken. Varm lefsene. Her kan du bruke din favoritt-tortilla - kveite, mais eller ein grovare variant. Dander grønsakene på lefsene saman med fisken. Topp med smuldra fetaost, chilimajones og korianderblad. Serverast med limebåtar til.

Heimelaga tacokrydder

3 ss chilipulver

2,5 ts malt chilipepper, helst chiliflak

2,5 ts tørka oregano

2 ss malt spisskum

2 ss paprikapulver

2,5 ts kvitlaukspulver

1 ss havsalt

2 ts sort pepar

0,25 ts malt anis

Bland saman alle ingrediensane i ein bolle. Ønsker du ein litt meir hot variant, kan du tilsette ½ ts cayennepepar i blandinga. Ha krydderblandinga på eit reint glas med tett lok. Bruk ca. 2 ss av krydderblandinga og 1 dl vatn til 400 g fisk, kjøttdeig eller kjøt i strimlar.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar