torsdag 18. mars 2021

Toast Skagen, ein svensk favoritt!

Skagenrøre er ein herleg svensk klassikar med reker i krema dressing med mykje dill, og Toast Skagen er ein av dei mest populære forrettane i Sverige. Namnet har rett nok sitt opphav frå danske Skagen, men det var den svenske kokken Tor Wretman som lansert oppskrifta på 1950 talet.

Skagenrøre kan brukast til mykje meir enn forrett på rista kvitt brød. Den er også god som fyll i bakt potet, på kaldtbordet eller berre som ekstra godt pålegg. Skagenrøre er også nydeleg kosemat om du set ei skål på bordet og server med gode knekkebrødbitar til for å dyppe i røra.

Visste du forresten at Sverige er Norges viktigaste eksportland for reker? I 2019 vart det eksportert 3347 tonn reker til Sverige , til ein verdi av 325, 8 millionar kroner. Norges Sjømatråd rapporterer også at det er fryste, pilla reker som er svenskene sin største favoritt.

Skagenrøra kan ein gjere om til eit skikkeleg luksusmåltid. Tilsett kokt reinska sjøkreps kutta i små bitar og dander til slutt med ei skei sikrogn eller løjrom på toppen - dette er mat til fine gjestar!

REKER: Smakleg forrett med Toast Skagen, ein svensk favoritt! Foto: Tom Haga, Norges Sjømatråd.



 

Ingrediensar til 4 porsjonar

400 g reker utan skal

1 ss frisk dill

3 ss majones

3 ss crème fraîche

½ ts salt

¼ ts pepar

1 sitron

½ raudlauk

4 skiver rista loff

Framgangsmåte

Pill rekene. Dersom du brukar reker i lake eller fryste reker, så husk å la veska eller vatnet renne av slik at dei blir så tørre som mogleg. Kutt opp rekene og legg dei i ei skål. Du kan eventuelt spare 2-3 reker som kan brukast til å pynte røra med. Finhakk dill og skjer raudlauken i fine skiver. Bland det deretter saman med rekene. Ha i majones og crème fraîche. Bland det saman i ei røre. Smak til skagenrøra med salt, pepar og safta av ein sitron. Tilsett eventuelt litt rom om du ønsker.

Skagenrøra er no serveringsklar, men den kan også settast tildekt i kjøleskapet for seinare servering. Anrett rekesalaten på rista toast og pynt med dill, sitron og reddikskiver.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar