fredag 25. august 2023

Fiskekake i pitabrød er eit godt matpakketips!

No er kvardagen tilbake og det er full fart med skule og arbeidsliv. Vi må sjølvsagt huske å ta med matpakken vår, og matboksar, mat- og mellomleggspapir som ligg i kjøkkenskuffa må vere klar til bruk og kunne fyllast og pakkast til medbrakt lunsj.

Visste du at vår matpakke i dag er ein modell av Oslofrukosten som vart innført av Oslos skulelegesjef Carl Schiøtz i 1929? Oslofrukosten bestod av ein halv liter mjølk, to små kneippkavringar eller knekkebrød med margarin og mysost, grovt kneippbrød med margarin og pålegg, for eksempel ost og torskeleverpostei, eit halvt eple eller ein halv appelsin eller 100 gram gulrot eller kålrot, og ei teskei tran dagleg i vintermånadane.

Oslofrukosten er altså årsaka til at vi i Noreg et eit kaldt måltid til lunsj i motsetning til Sverige, Finland og mange andre land i verda. Vi nordmenn elskar matpakkane våre, og ein kollega uttrykte ein gong at to brødskiver med litt sveitt brunost alltid smakar godt når klokka er 11.30 på ein kvardag.

Treng du litt variasjon i matpakken din er det supert å legge fiskekaker eller fiskepudding mellom to brødskiver, eit hamburgerbrød eller pitabrød. Husk alltid å velge noko grønt som til!

MATPAKKE: Fiskekake i pitabrød er eit godt matpakketips! Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar:

Fiskekaker eller fiskepudding

Pitabrød, hamburgerbrød eller brødskiver

Salat, avocado, agurk, dressing etc.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar