tirsdag 5. september 2017

Prøv kvit pizza med røyk ørret

Pizza smakar godt og sidan den italienske retten blei introdusert på 70-talet har den fått ein sterk posisjon i vår matkultur. På 80-talet var det mest vanleg å lage tjukk pizzabotn med kantar for så å smørje kjøttsaus med tomatpure og paprika over botnen og riven ost oppå. Ekstra eksklusiv var det med «Hawaii topping» som var hermetisk ananasbitar oppå i tillegg.

Pizza er ofte kritisert på grunn av nordmenns bruk at frossenpizza, som ikkje akkurat er gourmetmat. Samtidig er pizza ikkje verre enn eit ostesmørbrød og med heimelaga pizza har du betre kontroll på kvaliteten som avheng av kor grov botnen er og kva du har oppå. Pizza er også genial til restemat, fordi ein kan få  nytta kjøleskapsrestar som ein ellers ikkje får ete opp.

Pizza er for mange ein av helgas favorittrettar og pizza med ny spennande smak kan bli positivt. Pizza Bianca eller kvit pizza er ein variant der creme fraîse er blanda med urter og er pizzasausen. Eg garanterer, denne nysteikte kvite pizzaen toppa med røykt ørret vil gi deg ei utsøkt smaksoppleving!


KVIT PIZZA: Pizza med røykt ørret og tomat. Foto: Norges Sjømatråd, Studio Dreyer-Hensley.

Ingrediensar til 4 porsjoner

200 g  røykt ørret 
3 stk  tomat 
½ stk  raudlauk 
1 stk  pizzabotn 
1,5 dl  crème fraîche 
1 ts  oregano 
½  ts  salt 
¼  ts  pepar 
200 g  mozzarella, riven 


Framgangsmåte

·         Sett steikeomen på 200 °C.
·         Skjer røykt ørret i tynne strimlar.
·         Vask tomat og skjer i tynne skiver.
·         Vask og reins raudlauk og skjer i tynne ringar.
·         Del pizzabotnen i porsjonspizzaer, og legg på eit steikebrett med bakepapir.
·         Smør på eit jamnt lag med crème fraîche, og legg på tomatskiver og raudlauk.
·         Dryss med litt oregano, salt og pepar.
·         Dryss over ost og steik midt i steikeomnen til botnen er gjennomsteikt og osten startar å smelte, ca. 10–15 minutt.

Legg på ørretstrimlar og server.

Tips: Du kan også lage ein stor pizza i staden for mange små.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar