Haustmørket er definitivt på veg, denne helga er
det slutt på sommartid og vi skal skru klokka ein time tilbake. Det fine med hausten
sine mørke kveldar er at dei innbyr til å lage god mat og hygge inne. Ekstra
kjekt vert det om ein inviterer noko til å dele måltidet med.
Kveite reknast som ein av havets mest eksklusive
fiskar og egnar seg godt til festmat. Wok og kveite er en god kombinasjon sidan
den er ein fast i fiskekjøtet. Det faste nydelige kvite fiskekjøtet kan både
steikes, omnsbakast eller grillast.
Wok
er rask og kjekk mat å lage. Du må ikkje ha ei wokpanne for å wokke, det er
tilstrekkelig med steikepanne med litt høge kantar. Teknikken med wok er sterk
varme og kort steiketid, dessuten er det vakkert å sette heile wok- eller
steikepanna på bordet. Velbekomme!
WOK: Hauststemning med wok og kveite på menyen. Foto: Norges Sjømatråd,
Marianne Aaronsen.
INGREDIENSAR
til 4 porsjonar:
600 g kveitefilet, utan skinn og bein
½ dl salt
Marinade
1 stk raud chili
2 ss frisk koriander
1
dl soyasaus
2
ss sesamfrø
1
dl olivenolje
1
stk lauk
4
stilk selleri
100
g rettich
1
stk gulrot
150
g spinat
100
g bønnespirar
2
dl fiskekraft
Lys
maisennajamnar
Soyasaus
salt og pepar
TILBEHØR
jasminris
soyasaus
sweet chilisaus
FRAMGANGSMÅTE
Skjer kveita i terningar. Bland salt og vatn, og
la kveitebitane ligge i saltlaken i ca. 10 minutt.
Ta ut kveiteterningane, skyl dei og tørk godt med
tørkepapir. Finhakk chili og koriander, og bland saman med soyasaus og
sesamfrø. La kveiteterningane ligge i marinaden i 2-3 timer, og slå av
marinaden.
Strimle lauk, stangselleri, rettich og gulrot. Steik
kveita i olje i varm wokpanne i ca. 2 minutt, ta den ut og hald den varm. Fres
lauk, selleri og rettich i ca. 30 sekund i wokpanna. Tilsett gulrot, spinat og
bønnespirar, og steik raskt i 1-2 minutt. Ha i fiskekraft, kok opp og jamn
eventuelt med litt maisennajamnar. Smak til sausen med soyasaus, persille og
litt salt.
Legg fisken tilbake i steikepanna. Server med
jasminris, soyasaus og sweet chilisaus.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar