tirsdag 22. januar 2019

Fiskegrateng med makaroni, det er ein sikker vinnar!


Fiskegrateng er ein tradisjonsrik norsk rett som dei fleste kjenner frå barndomen. I min barndom var fiskegrateng alltid heimelaga av mamma, men i dei siste åra har vi fått tilbod om ferdiglaga fiskegrateng rett frå frysedisken. Mange tenker nok at fiskegrateng tek lang tid å lage, men det tek omtrent like lang tid å varme opp ein frosen frå butikken og smaken er ein heilt annan!

Kva er så nøkkelen til lage fiskegranteng? Enkelt sagt er det kvitsaus med egg og fiskebitar oppi, eventuelt kokt makaroni og grønsaker. I den kvite sausen, når den er avkjølt kan vi røre inn heile egg. Ønsker du ein ekstra luftig fiskegrateng, må du skilje egga. Eggeplommene rører ein inn i den lett avkjølte sausen og dei stivpiska eggekvitane skal vendast forsiktig inn i sausen etterpå for å få den luftig og lett.

Fiskegrateng med eller utan stivpiska eggekviter er familievennleg, enkel og smakfull. Smaken av kvit fisk, varm kvit saus med eit hint av muskat, toppa med sprø strøkavring får ein lett «vatn i munnen» av. Fiskegrateng er ein fiskemiddag barn ofte likar, og sjølv den mest steile fiskemotstandar vil kanskje tørre å prøvesmake. Ingenting slår fiskegrateng med makaroni, det er ein sikker vinnar!

FISKEGRATENG: Ingenting slår fiskegrateng med makaroni,og med råkost, potet og smelta smør til. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd



Ingrediensar til 4 porsjonar:
500 g torskefilet, utan skinn og bein
100 g makaroni
3 ss smør
4 ss kveitemjøl
4 dl mjølk
3 egg
salt
muskat
griljermjøl

Tilbehør
råkost
poteter

Framgangsmåte
Set steikeomnen på 180 °C. Skjer torskefilet i bitar. Kok makaronien som vist på pakken. Smelt smør og rør inn kveitemjøl. Spe med mjølk, litt om gongen. Rør godt mellom kvar gong til du får ein saus utan klumpar. Dersom du bruker rå fisk kan du lage sausen ekstra tjukk. Avkjøl sausen litt, rør inn heile egg (eller eggeplomme i sausen og vend inn stivpiska eggekviter til slutt) og smak til med salt og muskat. Bland torskebitane og kokt makaroni inn i sausen og slå gratengmassen over i ei smurt eldfast form. Dryss over griljermjøl og steik gratengen på nedste rille i ca. 40 minutt. Server gratengen med råkost, litt smelta smør og kokt potet ved sidan av.

Tips: Fiskegrateng kan lages av all type kvitfisk, både rå og kokt. Bruk gjerne restar frå dagen før. Kokt makaroni eller grønsaker kan erstatte litt av fiskemengda. Steiketida vil vere kortare når fisken er kokt.



2 kommentarer:

  1. Dette er mat som frister. Skulle gjerne spise mer fisk. Prøver denne

    SvarSlett