fredag 4. januar 2019

Heimelaga seikarbonader er god kvardagsmiddag


Å ha eit nyttårsforsett er å ha eit uttrykt ønske eller plan for det nye året. Det kan vere å begynne med nokon nytt, slutte å gjere noko, kutte uvanar, etablere nye vanar, for å gi seg sjølv ein betre livskvalitet. Mellom populære nyttårsforsett er å ete sunnare, og kanskje å innføre meir fisk i kvardagsmaten?

Dei offisielle kosthaldsråda frå Helsedirektoratet kan vere med å gi retning til eit sunnare kosthald. Når det gjeld fisk er rådet fortsatt å ete fisk til middag 2-3 gongar per veke i tillegg til å bruke fisk til pålegg. Rådet tilsvarar totalt 300-450 gram rein fisk per veke og minst 200 gram bør være feit fisk som laks, aure, makrell eller sild. Seks påleggsporsjoner med fisk tilsvarar omtrent ein middagsporsjon.

Til jul fikk eg ny foodprosessor og denne maskina er den beste motivasjon for å lage fiskefarse i ein fei. Bruk helst fersk fisk og pass på at alle ingrediensane er kalde. Kjør fisken med salt først til farsen blir seig og fast, spe deretter med mjølka. Ein kan også bruke frosen fisk, men då må ein ta med tinevatnet frå fisken, der ligg alle bindestoffa. Å lage sunn mat frå botnen av gir matglede og god meisting - det er eit av mine nyttårsforsett! Godt nytt år!


SEIKARBONADER:  Heimelaga seikarbonader er god kvardagsmiddag. Foto: Norges sjømatråd, Marianne Aaronsen.


 
INGREDIENSAR (4 porsj):

600 g seifilet, utan skinn og bein
1 ts salt
1 ss potetmjøl
1 ss graslauk
½  ts pepar
1 dl mjølk
smør

Gulrotstuing
2 stk gulrot
100 g sukkererter
2 dl vatn
½ ts salt
1 ss kveitemjøl
1 dl matfløyte

Tilbehør
Poteter

Framgangsmåte
Skjer sei i strimlar og køyr i ein foodprosessor saman med saltet. Rør inn potetmjøl, finhakka graslauk og pepar, og spe med mjølk litt om gangen til ei fast farse. Form store karbonadar og steik dei i smør på middels varme til dei er brune og gjennomsteikte, ca. 3 minutt på kvar side.

Gulrotstuing
Skjer gulrot i små terninger og strimle sukkererter. Kok grønsakene møre i lettsalta vatn.
Sil av kokevatnet, men ta vare på det. Kok opp grønnsaksvatnet. Pisk sammen kveitemjøl og matfløyte, og pisk det inn i grønnsaksvatnet. La sausen småkoke i 4-5 minutt. Tilsett grønsaker og la dei bli skikkelig varme.

Server seikarbonader med gulrotstuinga og potet ved siden av. Pynt med graslauk dryssa over.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar