onsdag 29. april 2020

Ferske reker med smakfulle sausar


Norske reker likar seg best i kaldt, reint vatn og er på sitt aller beste om vinteren. Rekefiske forgår heile året og rekene kjem frå både Barentshavet, men også fjordane og kystnære områder eller Nordsjøen og Skagerak. Norske reker har frisk smak, fast kjøt og naturleg lyseraud farge og dei er god helgemat.  

Visste du forresten at alle reker startar livet sitt som hannar, men skiftar kjønn når dei er mellom to og fire år gamle. Det betyr at dei rekene vi et, er horeker. Reker vert stort sett kokt umiddelbart ombord på båtane og deretter solgt enten ferske, men oftast frosne.

Reker er ei brukande råvare og passar perfekt til ein rask kvardagsmiddag eller i festlege lag heile året. Når vi no har fått smaken på våren her på Sunnmøre, kan det vere godt å sette seg på verandaen og pille reker med gode sausar til. Musikken er å høyre småfuglane kvitre, god helg!

REKER: Ferske reker med smakfulle sausar. Foto: Norges Sjømatråd, Kim Holthe.

Ingrediensar
2 kg reker med skal

Urteolje
2 dl frisk bladpersille
1 fedd kvitlauk
3 ss pinjekjerner
4 dl olje
salt og pepar

Aïoli
3 fedd kvitlauk
1 egg
1 ss sitronsaft
1 klype salt
1 klype kvit pepar
1 klype sukker
2 dl olje
2 ss frisk graslauk

Pesto
½ potte frisk basilikum
100 g valnøter
50 g parmesan
1 dl olivenolje
½ sitron

Chilirømme
1 dl lettrømme
1 ss sweet chilisaus
kajennepepar

Tilbehør
Brød

Framgangsmåte
Urteolje
Kjør bladpersille, kvitlauk og pinjekjerner med stavmikser til du får ein jamn masse. Spe med olje og smak til med salt og pepar.

Aïoli
Press kvitlauk, og pisk godt saman med egg, sitronsaft, salt, pepar og sukker. Spe med olje i ein tynn stråle medan du piskar. Finhakk graslauk og bland det i aïolien.

Pesto
Kjør basilikum, valnøter, riven parmesanost, olivenolje og safta frå sitron med stavmiksar til du får ein jamn masse.

Chilirømme
Bland saman lettrømme og sweet chilisaus. Smak til med kajennepepar, og ev. meir sweet chilisaus.

Lag ein, to, tre eller alle fire sausane og server rekene i ein bolle med godt brød til.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar