torsdag 2. april 2020

Fiskesuppe med fennikel er god middag i ein fei!


Har du ein pose med fiskesuppe i skuffen, kan det bli kjapp og god middag på få minutt. I følge Orkla Foods vart den første posesuppa produsert i 1964, og denne måten å lage mat på vart moderne og populær i takt med kvinnefrigjeringa og at kvinnene tok plass i arbeidslivet på 70- talet.

Mat laga frå botnen av har i dag høg status og posesuppe lav status, men suppeposen ligg nok i mange sine kjøkenskuffer som reservemat. Det er lett å lage posesuppe, det passar godt i ein travel kvardag og ved tilsette meir grønsaker og fisk kan suppa smake nesten som heimelaga.

Dagens posesuppe oppskrift er «piffa opp» med fennikel og laks. Fennikel er ein grønsak med aromatisk lukt og smak som kan minne om anis eller Kongen av Danmark-drops. Fennikel er spesielt godt til fisk og dei friske skudda som ofte er med kan brukast på same måte som dill. 

Har du andre grønsaksrestar i kjøleskapet, er det berre å skrelle og dele opp og ha dei i fiskesuppa. Toppar du dei heile med lune reker og matfløyte, vert no dette himmelsk god middag på 1-2-3!


FISKESUPPE: Fiskesuppe med fennikel er god middag i ein fei! Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd.


Ingrediensar
250 g laksefilet, utan skinn og bein
150 g reker, utan skall
½ frisk fennikel
1 vårlauk
1 gulrot
1 pose fiskesuppe
matfløyte
vatn

Tilbehør
Brød

Framgangsmåte
Skjer laks i terningar, fennikel i tynne strimlar, vårlauk i ringar og gulrot i skiver. Lag fiskesuppa etter anvisninga på posen, men bruk matfløyte i staden for mjølk. Ha laks, fennikel og gulrot i suppa når den er kokt ferdig, og la det trekke vidare i ca. 4 minutt, til fisken er kokt. Ha i reker og dryss over vårlauk rett før servering. Server fiskesuppa med grovt brød ved sidan av.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar