torsdag 1. oktober 2020

Kvit pizza med røykelaks er full av hjartegod næring

Bytt ut den vanlege raude tomatsausen på pizzaen med creme fraise og du har basisen til kvit pizza. Kvit pizza kan du toppe med alt som hjarte har lyst på som kjøtbollar, coritzopølser, pepperoni, men vil du gjere hjartet ditt sunt legg du på røykelaks som er fulle av omega-3-feittsyrer!

Marine omega-3-feittsyrer er med på å forebygge og bremse utviklinga av hjarte- og karsjukdomar.  Kroppen vår treng desse livsnødvendige fleirumetta feittsyrene, fordi vi klarer ikkje å produsere dei sjølve. Derfor er det viktig å ete feit fisk som laks, sild, og makrell fleire gongar i veka.

Dei fleste syns det er vanskeleg å ete feit fisk fleire gongar i veka, men vi har ein god hjelpar i tran. Tran inneheld ein ulik kombinasjon av omega-3 -feittsyrer og det viktige feittløyselege vitamin D som vi får for lite av her i Norden om vinteren.

Norske helsemyndigheiter tilrår eit dagleg inntak av tran til alle frå eitt års alder og livet ut. Den gamle huskeregelen som med å ta tran i alle månadar med «r» i, kom av at i vintermånadane har vi størst behov for vitamin D. I dag er det tilrådinga å ta tran heile året.

Oktober med «r» i er i alle fall her og ei ekstra dose med omega-3 samtidig som at kvit pizza med røykelaks smakar himmelsk godt Dette må vere med på å gi ein fin start på både helga og hausten!

 

PIZZA: Kvit pizza med røykelaks er full av hjartegod næring. Foto: Marianne Aaronsen, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar

Pizzabotn med grovt mjøl


2 dl lett crème fraîche

300 g riven mager ost

1 raudlauk

200 g røykelaks

½ pk ruccolasalat

Pepar


Framgangsmåte

Sett omnen på 225 grader. Lag pizzadeig etter favorittoppskrifta og bruk gjerne halvparten med grovt mjøl. Kjevl ut deigen og smør på creme fraiche. Ha på riven ost, raudlauk kutta i ringar, sett pizzaen i omnen og steik den ferdig. Skjer røykelaks i skive eller bruk ferdig skiva og dander det oppå pizzaen. 

Topp med ruccola og eit dryss pepar, og server med ein gong.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar