mandag 7. februar 2022

Romantisk middag med Valentine skrei

Alle hjerters dag eller Valentines day er den 14.februar og feirast ofte med merksemd som gåve, kort, blomster eller konfekt til den utvalde.

Feiringa kjem i likskap med andre tradisjonar frå USA, og i 2010 sa faktisk kvar tredje person i Norge at dei ville gi eller sende ei merksemd til ein kjæraste eller ven på denne dagen. I 2015 sa midlertidig 73 prosent av den norske befolkninga at dei ikkje syns at dagen var ein viktig merkedag og at det er flest unge som er opptekne av dagen.

Oppskrifta med fersk skreiloin med frisk graskarpuré, soyasjysaus og råsteikte ingefærgrønsaker er ein rein hyllest til kjærleiksfisken skrei. Dersom ein vil feire dagen passar denne retten perfekt som romantisk middag for to. Happy Valentines Day!

SKREI: Romantisk middag med Valentine skrei. Foto: Studio Dreyer - Hensley, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (2 porsjonar)

400 g skreiloins

1 ts flaksalt

50 g klara smør

 

Graskarpuré

300 g graskar

1 sitrongras

3 fedd kvitløk

2 cm raud chili

10 g frisk ingefær

1 l vatn

50 g smør

salt

limesaft

 

Grønsaker

5 ss olivenolje

10 stk shitakesopp

4 vårløk

6 brokkolini

1 ss fersk riven ingefær

1 fedd kvitløk

 

Soyasjysaus

2 ½ dl oksekraft

1 cm raud chili

3 ss soyasaus

2 ts brunt sukker

limesaft

1 ts smør

 

Framgangsmåte

Graskarpure med ingefær

Del sitrongraset i to på langs slik at den heng saman i rota, skrell kvitløk og ingefær. Ha dette ei gryte saman med graskarbitar utan skall og chili. Dekk med ein liter vatn. Kok under lok i 30 minutt, til graskaret er heilt mørt. Slå av kokevatnet i ein bolle, noko av kokekrafta skal tilsettast under miksinga. Plukk ut sitrongraset, chili og ingefærbitane og kast dei.

Miks saman graskaret og kvitløken med stavmiksar. Tilsett noko av kokekrafta under miksinga slik at ein får ein fin og silkemjuk purè. Rør inn smøret når pureen varmast opp til servering, smak til med limesaft og salt. Denne pureen treng ikkje pepar. Om ein vil kan denne purèen kan lages eit par dagar i før servering.

Soyasjysaus

Kutt chilien i tynne skiver. Ha alle ingrediensane utanom smøret i ein liten kjele og kok dette til cirka 50 % av væsken er fordampa og sausen startar å bli fyldig og blank. Det tek ca. 5 min. Rør inn smøret og server.

Skreiloins

Del ryggstykket på langs og dryss over saltet. Varm ei steikepanne til den er god og varm. Ha i klara smør*  og legg skreien med snittsida ned i smøret. La skreien steike 5-7 minutt berre på denne eine sida utan å snu den. Følg gjerne med på steikeskorpa undervegs, den skal bli gylden og litt sprø. Når skreien har fått sprø skorpe er den sannsynlegvis ferdig steikt.

Sjekk om den flakar seg og gir litt etter når du klemmer forsiktig på den. 

Råsteikte ingefærgrønnsaker

Råsteik alle grønsakene på høg varme i olivenolje. Dryss over salt og finhakka kvitløk og ingefær mot slutten av steikinga. Liker du koriander er det også godt saman. Legg ein stor skei purè på ein varm tallerken og drag purèen litt utover med skeia slik at det blir plass til å legge dei råsteikte grønsakene og skreifileten fint oppå.

*Klara smør er perfekt til steiking av skrei. Ein får ein rein gylden og sprø steikeskorpe utan brune svidde prikkar. Smelt smør og slå av det klare gule feittet på toppen fra veska som ligg igjen i botnen. I dette feittet kan ein steike på høg varme utan at skreien smaker eller ser svidd ut.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar