tirsdag 4. juli 2023

Grilla teriyaki-makrell er sommarsnadder

Grilla fisk smakar fantastisk godt, men mange syns det er vanskeleg dersom fisken blir tørr eller set seg fast i rista. Val av fisk på grillen betyr også noko for resultatet. Laks, aure og makrell er eksempel på fisk som endrar farge når dei er klare, så dersom du er fersk på grilling av fisk anbefalast disse.

Her kjem sju enkle tips for å lykkast med fisk på grillen.

  •         Start med ein rein grill
  •         Pensle fisken med litt nøytral olje først
  •         Sørg for at grillen er supervarm når du startar
  •         Lær deg skilnaden på direkte og indirekte varme
  •         Klargjer alt før du startar å grille
  •      Bruk gjerne aluminiumsfolie dersom du ikkje ønsker å legge fisken rett på grillen

Makrell er nydeleg sommarmat og perfekt på grillen! Makrell med frisk japansk-inspirert teriyaki-saus oppå, råkostsalat og nypotet ved sidan av er perfekt å servere i grillselskap!

MAKRELL: Grilla teriyaki-makrell er sommarsnadder. Foto: Morten Sjøvik, Norges sjømatråd

Ingrediensar (4 porsj)

8 ss soyasaus

3 ss finhakka kvitløk

1 ss riven ingefær

3 ss eplecidereddik

3 ss brunt sukker

2 ss sesamolje

1 lime

Pepar

 

Råkost

1 spisskål

2 gulrot

6 reddikar

limesaft

salt

frisk koriander

 

Framgangsmåte

Ha alle ingrediensane til sausen i eit høgt glas eller eit litermål, køyr godt saman med stavmiksar slik at alt blandast godt. Sausen slåast så over i ei gryte og kokast på medium varme til den tjuknar. La den kjøle seg litt før bruk.

Hovudkål og gulrøter strimlast tynt og blandast godt saman. Reddikar høvlast tynt og vendast inn saman med kål og gulrøter. Rett før servering smakast grønsakene til med salt og limesaft.

Makrellfiletane tørkast godt på kjøkenpapir og penslast med olje på skinnet, grillast så på varm grill med lok til makrellen er nesten ferdig. Mot slutten penslast fisken med teryiakisausen. Legg så på loket igjen. Etter rundt eitt minutt er fisken klar.

Legg opp fisken og slå over litt meir saus, server med råkost og topp med korianderblad.

Tips:

Makrellen kan også steikast med litt olje i ei panne på ein regnversdag. Filetane skal steikast på begge sidene til dei blir gyllenbrune. Eit kjøkentips er å gi makrellen romtemperatur for å unngå at den krøllar seg under steiking.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar