fredag 25. juni 2021

Grilla tørrfisk med tomat, oliven og sprøtt surdeigsbrød

Tørrfisk er usalta fisk som er naturleg tørka av sol og vind på hjell, ofte i nord-norge og spesielt i Lofoten frå februar til mai. Norge har ei lang historisk til knyting til tørrfisk. Det er vår eldste handelsvare for eksport til mellom anna Italia.

Tørre fakta om tørrfisk: Den italienske handelsmannen Pietro Querini som forliste utanfor Røst i 1432, tok med seg tørrfisken til Italia då han vende heim. Slik blei han ein viktig ambassadør for eksportvara. Ein god tørrfisk har eit vassinnhald på mellom 14 og 16 prosent.

Tørrfisk av god kvalitet treng å vatnast ut lenge, kanskje opptil 10 dagar. Når tørrfisken bløytast er den å rekne for ferskvare, og må stå kaldt under 4 grader. Det enklaste er å kjøpe gryteklar tørrfisk, då kan du bruke råvara med ein gong, for dette er ei delikatesse i Italia. Bon appétit!

TØRRFISK: Grilla tørrfisk med tomat, oliven og sprøtt surdeigsbrød. Foto: Mats Dreyer, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar
(4 porsjonar)

600 g utvatna og reinska tørrfisk

3 fedd kvitløk

1 potte frisk timian

3 stk sjalottløk

1 boks hermetiske tomatar

10 cherrytomat

3 dl olivenolje

8 grøne oliven

8 skiver surdeigsbrød

1 potte fisk basilikum

Salt

 

Framgangsmåte

Grilla tørrfisk

Kutt den utvatna tørrfisken i porsjonar på ca. 150 gram. Forvarm grillpanne eller grill. Pensle fisken med olivenolje. Krydrast med litt maldonsalt og sitronzest (raspa sitronskal). Grillast i ca. 3 minutt på kvar side. Tørrfisken kvilast litt før den anrettast.

Sprøtt surdeigsbrød

Skjer tynne skiver av brødet. Penslast med litt olivenolje før det leggast på smurde brett eller bakepapir i omnen. Steikast gylden på 175 grader i ca. 5-7 minutt.

Tomatsaus

Skrell kvitløk og sjalottløk som kuttast i tynne skiver. Finkutt grøn oliven. Løken fresast i olivenolje til den er gylden. Slå på hakka tomatar, samt resten av olivenoljen. Skru ned temperaturen og la tomatsausen putre i nokre minutt før du griller tørrfisken.

Legg opp i djup skål med tomatsaus i botnen. Legg på den grilla tørrfisken. Skjer tynne skiver av cherrytomatar. Pyntast med fersk basilikum og sprøtt surdeigsbrød.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar