onsdag 2. juni 2021

Raud curry med laks er superrask sommarmiddag!

Sommardagane ligg framfor oss, og vi har fått ein aldeles nydeleg start på juni med høgtrykk og sol. På slike dagar fristar det lite med lang matlagingstid inne ved kjøkkenbenken, så det er no vi må plukke fram dei enkle og raske middagsrettane.

Fisk er rask mat å lage til, fordi ein kan kjøpe ferdige skinn og beinfrie filetar både ferske og frosne. Fiskefiletar tinar fort i kjøleskapet eller etter ein time eller to på kjøkkenbenken. Fisk krev kort varmebehandlingstid, og på kjøpet er det mager mat med ei mengd gode næringsstoff i.

Å ete fisk er ein av dei beste kosthaldsvanane ein kan ha, og rådet frå Helsedirektoratet er framleis å velgje fisk til middag 2- 3 gongar per veke. Er du ute etter ein god og rask og middag, prøv superraske raud curry med laks. Retten passar like godt på sommarmenyen som til ein perfekt kvardagsmiddag!


LAKS: Raud curry med laks er superrask sommarmiddag! Foto: Studio Dreyer + Hensley, Norges Sjømatråd.


 Ingrediensar (3-4 porsj)

 

600 g laksefilet, utan skinn og bein

3 ts raus curry paste

olje

2 vårlauk

1 raud paprika

10 sukkererter

4 dl kokosmjølk

½ terning fiskebuljong

lime

frisk koriander

 

Framgangsmåte

Skjer fisken i terningar. Strimle vårlauken og skjer paprika og sukkererter i stavar.

Varm ei gryte med litt olje og fres raud curry paste. Tilset kokosmjølk og fiskebuljong og kok opp.

Tilsett fisk og grønsaker og la trekke til fisken er ferdig i ca. 5 minutt. Server med ris eller nudler, lime og koriander

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar