mandag 9. august 2021

Makrellsalat med rømmedressing smakar sommar

Når makrellen trekk mot norskekysten veit vi at sommaren er her, for det er makrell som er sommarfisken framfor alle. Makrell vandrar i store gigantstimar og med sine svartblå striper langs ryggen og kvit buk, skyt den gjennom vatnet i rakettfart. Makrellen er populær å fiske, for kjem du til ein stim nappar det jamt og trutt!

Når du skal filetere makrell, lagar du eit snitt frå nakken og like bak sidefinnen og ned langs bukfinnen. Skjer forsiktig til kniven treff ryggbeinet. Legg kniven ned i snittet, og før kniven langs med ryggbeinet mot halen. Før kniven heilt ut, slik at fileten slepp. Snu makrellen og gjenta fileteringa på den andre sida.

Fjern dei lange beina som sitt nederst på fileten, ned mot bukhola. Beina som sit som ei stripe midt i fileten gjer vi ikkje noko med, for då vil hele fileten gå i oppløysing. Ofte er disse beina så tynne at dei kan etast. Dersom du likevel ønsker å fjerne dei, så er dette enklast etter at makrellfileten er steikt. Skyl makrellfiletane forsiktig i kaldt vann og tørk dei godt før grilling. Nysteik makrell oppi salat med rømmedressing smakar herlig sommar!

MAKRELL: Makrellsalat med rømmedressing smakar sommar. Foto: Studio Dreyer- Hensley, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar
(4 porsjonar)

600 g makrellfilet

12 cherrytomat

24 asparges

4 ss rapsolje

salt og pepar


Salat

1 raudløk

16 skiver parmesan

130 g feltsalat 


Rømmedressing

2 skiver sylteagurk

1 ss dill

½ sitron

6 ss lettrømme

1 ss majones

½ ts pepar


Servast med

Brød


Framgangsmåte

Varm opp grillen. Skjer makrellfilet i bitar. Pensle makrellbitane, cherrytomatar og asparges med rapsolje, og krydre med salt og pepar. Ha alt på grillen og snu jamt i ca. 2 minutt. La cherrytomat og asparges ligge på kvilerist eller i eit område av grillen der det er lågare temperatur.

Salat

Skjer raudløk i strimlar og parmesanost i skiver med ein ostehøvel. Bland det saman i ein salatbolle med feltsalat. Ha makrell, cherrytomatane og asparges i salaten, og bland forsiktig saman.

Rømmedressing

Finhakk sylteagurk og dill, og press saften av sitron. Rør det godt saman med lettrømme, majones og pepar.

Server salat med makrell, rømmedressing og godt brød.

Tips: Dersom du ikkje har grill kan du fint steike makrell og grønsaker i steikepanne, gjerne i ei grillpanne.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar