tirsdag 17. august 2021

Sommar på tallerkenen med grilla sei i folie

August er her og sommaren er på hell, men det er ingen grunn til å rydde vekk grillen enda. Kvardagen har også kome tilbake for dei fleste, og fisk er alltid eit godt val til middag også når det nærmar seg helg. Det er så mykje spennande å lage til og ein enkel seifilet kan bli festmat.

Seifilet er billig og god mat. Ingenting er meir sunnmørsk enn å tine seg ein blokkfryst eller singelfrosen seifilet for å ha til middag. Husk berre å tine fileten tildekt i kjøleskap over natta eller i kaldt vatn med emballasje på ca. 20-30 minutt. Fisken kan med fordel kan vere litt frosen i midten når du skal lage den til, resultatet blir gjerne saftigare.

Sei er ein mager fisk med perlegrått fiskekjøt og den litt distinkte smaken passar godt til sterke smakar. Helgas oppskrift har gode smakar av urter, chili og sitrongras og er ypparleg på grillen. Saman med grilla nypoteter skapar sei sommar på tallerkenen!


SEI: Sommar på tallerkenen med grilla sei i folie. Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd.

 

Ingrediensar (4 porsjonar)

1 kg seifilet, utan skinn og bein

2 ts salt

500 g nypotet

1 ts korianderfrø

1 lime

1 raud chili

1 stk sitrongress

2 ss frisk mynte

2 ss honning

2 ss frisk koriander

olje

aluminiumsfolie

 

Salat

1 salat

2 dl frisk bladpersille

1 raudløk

1 agurk

2 eple

 

Dressing

50 g hasselnøter

3 ss honning

6 ss eplecidereddik

6 ss olivenolje

salt

grovmalt pepar

sesamolje

 

Framgangsmåte

Dryss salt på seifileten og la den kvile i ca. 10 minutt. Kok nypotet til dei er nesten møre, avkjøl og skjer dei i tjukke skiver. Legg seien på eit stykke aluminiumsfolie smurt med olje og dryss over korianderfrø. Riv skal og press saft av lime, finhakk chili, sitrongras og mynte. Bland skal og saft av lime med chili, sitrongras og mynte, og smør blandinga over seien. Brett aluminiumsfolien rundt seien og grill den ca. 15 minutt, under lok dersom grillen har det. Pensle potetene med litt olje og grill dei på begge sider. Opne aluminiumsfolien med sei og dryss finhakka koriander over før servering.

Salat

Riv salat og grovhakk bladpersille. Finhakk raudløk, og skjær agurk og eple i terningar.

Dressing

Grovhakk hasselnøtter, og bland med honning, eplecidereddik og olivenolje. Smak til dressingen med salt, pepar og litt sesamolje. Bland dressingen forsiktig inn i salaten.

Server grilla sei og potet med salaten ved sidan av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar