mandag 29. november 2021

Ein smak av India med enkel fiskecurry

Karri er eit av dei mest vanlege krydderblandingane i verda og stammar frå dei indiske kjøkkenet, men ordet karri er tamilsk og betyr rett og slett saus. Karri er fantastisk godt består av mange aromatiske krydder som; kanel, kardemomme, spisskum, muskat, ingefær, pepar, gurkemeie, koriander, allehånde og sennepsfrø.

Krydderbruken i det indiske kjøkken er omfattande og det vert sagt at kvar indiske familie har sin eigen karri. Til sterk karri vert det ofte servert Raita, den indiske slektningen til gresk tzatsiki. Raita er ein frisk og kjølande yoghurt saus, som er rask å lage.

Gurkemeie i karrien gir ekstra sting og nydeleg gylden farge på sausen. Styrken på sausen kan ein justere med for eksempel meir chili. Fisk og karri er ein svært god smakskombinasjon, og er du glad i litt «hot» mat er denne fiskegryta perfekt!

INDIA: Ein smak av India med enkel fiskecurry. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsj).

600 g torskefilet

150 g paprika

½ raud chili

1 glas indisk saus

½  potte frisk koriander

½ lime

 

Raita

½ agurk

3 dl naturell yoghurt

½ ts malt spisskummen

2 ss frisk mynte

1 ss limesaft

salt og pepar

 

Karrisaus

2 fedd finhakka kvitløk

1 gul løk

2 cm fersk riven ingefær

3 ss tomatpuré

3 ss raud curry paste

2 dl kokosmjølk

2 dl gresk yoghurt

 

Framgangsmåte

Sett omnen på 185C. Ha sausen i ei eldfast form og legg i paprika i skåre i strimler og hakka chili. Du kan enten bruke ferdig saus du kjøper på butikken (tikka eller korma), eller lage ein enkel raud karrisaus. Legg på torsk eller laks skåre i passande bitar, og steik det i omnen i ca. 20 minutt.

Raita:

Riv agurken på rivjern. Bland saman alle ingrediensane og smak til med salt og pepar.

Enkel raud karrisaus:

Finhakk løk, kvitløk og ingefær og fres det i litt olje i panna. Ha i karripasta og tomatpuré og steik det videre. Ha i kokosmjølk og yoghurt og la det koke i nokre minutt, smak til med salt og pepar. Ønsker du ein tynnare saus, spe med litt vatn.

Servering:

Ha over grovhakka koriander og ein skvis lime. Server med nanbrød, raita og kokt ris.

 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar