mandag 29. november 2021

Lutefisk med grøne linser og sennepssaus

Lutefisksesongen er i gong og det er klart for lutefiskkalas, for lutefisken kan føre oss saman i festlege lag no før jul. Lutefisk er ein viktig del av norsk mattradisjon og identitet. Utvandra nordmenn i Amerika har tatt med seg retten, så den er svært populær i visse delar av USA også.

Linser er i mange matkulturar ei basisråvare og i Norge er bruken av linser aukande. Det er ikkje så merkeleg fordi linser er rimelege, allsidige og anvendelege i alt fra salatar til gryterettar. I tillegg er dei rike på protein og milde og gode på smak.

Tradisjonelt vert det servert erterstuing eller ertepuré til lutefisk, men helgas oppskrift har ein spennande vri på tilbehøyret. Sunne, gode og berekraftige grøne linser og med sennepssaus til er dette eit utmerka alternativ til lutefisk og kanskje ein ny favoritt til jul?

 

LUTEFISK: Lutefisk med grøne linser og sennepssaus. Foto: Aina Hole, Norges Sjømatråd.


Ingrediensar til 4 porsjonar

2 kg lutefisk

3 ss salt

 

Linser

2 dl grøne linser

½ sjalottløk

2 dl vatn

75 g bacon

salt og pepar

 

Sennepssaus

2,5 dl fløyte

2,5 dl mjølk

30 g smelta smør

2 ss kveitemjøl

salt

2 ss dijonsennep

2 ss sterk og søt sennep

1 ss worcestershiresaus

1 sitron

50 g smør

salt og hvit pepar

 

Server med

Mandelpotet

Framgangsmåte

Sett steikeomnen på 175 °C. Skjer lutefisk i porsjonsstykke og dryss salt på kjøtsida. La den ligge i romtemperatur i ein time. Vatnet vil trekke ut, så ha stykka i ei langpanne med kantar. Slå av vatnet og skyl lutefisken i kaldt vatn, for å fjerne saltet. Legg lutefisken i ei langpanne med skinnsida ned og dekk med aluminiumsfolie. Sett den i steikeomnen og la den stå til den er ferdig, ca. 40 minutt.

Linser

Kok linsene møre med hakka sjalottløk i ca. 20-25 minutt og sil av overflødig vatn. Skjer bacon i terningar og sprøsteik det. Bland baconterningar med linser og løk.

Sennepssaus

Varm opp fløte og mjølk, det skal ikkje koke. Bland smelta smør og kveitemjøl og litt salt til jamning. Rett før oppkok av fløytemjølka blander du inn jamninga. La det koke nokre minutt medan du rører kraftig med ein visp. Sil sausen over i ein annan kasserolle. Tilsett sennep, sterk og søt og dijon, worcestersaus, og safta av ein sitron. Rør inn smør for å gjere sausen ekstra glatt og velsmakande.

Smak til med salt og pepar.

Server lutefisken med linser, sennepssaus og kokte mandelpoteter.

Tips: Dersom du vil ha fast lutefisk dryss over salt og la lutefisken stå kjølig eit par timar. Slå av vatnet som trekkast ut og skyll deretter lutefisken i kaldt vatn.

 

 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar