onsdag 12. januar 2022

Steikt sei med lun vintersalat

Nyåret har starta med ekstremvær, men i ly av enorme mengder med regn og sterke stormar, skal middagen likevel på bordet. Det er godt og trygt å sitte inne med god mat på bordet, medan det trommar på vindauga og ular rundt hushjørna. Kanskje ein kan drøyme seg til varmare strøk?

Bulgur stammar frå Midtausten og er førkokt, tørka og knust durumkveite. Det som er spesielt med bulgur er at den er meir næringsrikt enn couscous, fordi ein større del av kornet teke med. Bulgur liknar altså på couscous og kan brukast som eit alternativ til pasta, ris eller poteter.

Bulgur er også kjempegodt å blande i salatar, og i helgas rett er bulgur blanda inni vintersalaten. Ein kan godt seie at helgas rett er inspirert av varme og eksotiske Midtausten med lun bulgur, saftig appelsin og friskt granateple som smakar nesten om søte rips! Dette er god vintermat!

            SEI: Steikt sei med lun vintersalat. Foto: Marianne Aaronsen, Norges sjømatråd.


Ingrediensar

800 g seifilet, utan skinn og bein

Vintersalat

1 ½ dl bulgur

3 gulrot

3 appelsin

1 raudløk

25 g mandlar

150 g fetaost

½ ts salt

pepar

1 sitron

½ granateple

frisk mynte

Framgangsmåte

Steik serveringsstykke av sei i ei varm steikepanne med litt flytande margarin. Kok bulgur etter avvisinga på pakken. Skrell gulrøter og kutt i terningar, skrell appelsin og skjer i tynne skiver. Hakk opp mandlar, raudløk og urter. Bland alt saman med bulguren og ha over i ein serveringsbolle. Smak til med sitron og bland inn granateplekjerne. Krydre med salt og pepar.

Tips: Bland gjerne inn ein neve finhakka frisk mynte.

Denne oppskriften er utvikla av Fiskesprell og kvalitetssikra av Helsedirektoratet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar