tirsdag 5. juli 2022

Makrellsandwich på japansk vis

«Saba sando» er namnet på denne lekkerbisken, som er makrellsandwich på japansk vis. Har du sett på makan til innbydande smørbrød? Kanskje er det den vakre og etande stemorsblomsten som er prikken over i ‘en?

Tenk at makrell har blitt japanarane sitt sunne svar på pølse i brød. Når svolten gneg, stikk japanarane gjerne innom ein kiosk for å kjøpe ferdigmarinert makrell. For dei som har litt betre tid går turen innom ein etestad for ein makrellsandwich eller «saba sando».

Nyt smaken av Japan og 良い食欲 ,  Yoi shokuyoku eller god apetitt!


MAKRELL: Makrellsandwich på japansk vis. Foto: Tom Haga, Norges Sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

4 makrellfilet

2 gulrot

4 salatblad

4 focacciabrød

salt og pepar

steikeolje

 

Jamaikansk BBQ-saus

1 boks grovhakka hermetiske tomatar

2 ss kvitløkspulver

1 ss løkpulver

¼ ts cayennepulver

½ ss habanero pulver (sterkt chilipulver)

1 ss karri

1 ss paprikapulver

1 ss sennepspulver

1 ts salt

1 ts pepar

2 ss sitronsaft

6 ss eplecidereddik

 

Fremgangsmåte

Habaneropulveret kan reduserast eller utelatast om du ikkje er glad i sterk saus. Mariner makrellfiletane i BBQ-sausen i ca. 15 minutt. Rasp gulrøtene på eit rivjarn. Vask og tørk salatblada.

Du kan bruke den brødtypen du likar, det treng ikkje vere focacciabrød. Bruk gjerne surdeigsbrød eller bagett. Del brødet i to. Eventuelt kan du lage fire sandwich av brødskiver. Grill eller steik den ferdigmarinerte makrellen med skinnet på, helst til skinnet blir sprøtt og crispy. Pensle med litt ekstra marinade under grilling/steiking, ved behov. Gi gjerne brødet ein lett omgang på grillen/ i steikepanna også. Legg fisk og grønsaker inne i sandwichen og nyt en smak av Japan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar