onsdag 17. august 2022

Legg omnsbakt laks og torsk inn på vekemenyen

Sommaren er på hell og den gode kvardagen er her med jobb og skulestart. No er det tid for å lage gode kvardagsrutinar og mitt beste råd er å lage ein vekeplan for middag.

Når ein planlegg middag med eit stort innkjøp per veke sparer ein både tid og pengar. Med god planlegging slepp ein også å bruke energi på: «Ååå… kva skal eg lage til middag..» -tankar, ein unngår impulshandling, ein kan gjere sunnare val og kan redusere matsvinn.

Ein vekeplan kan vere på papir eller digitalt og det finnast app’ ar sjølvsagt. Mitt råd er at vekeplanen er synleg slik at alle i familien kan sjå vekeplanen og dermed er budde på «kva som er på menyen», dette kan hindre overraskingar og sure miner.

Tips: Søndagskveld kan vere ein fin planleggingsdag, då kan du handle på måndag eller den vekedagen som passar best for deg. Hald også ein dag open til bruk av restar, og når du lagt inn fisk 2-3 gongar i veka et familien sunt! Omnsbakt laks og torsk med pommes frites er ein rask og supert middag for travle familiar, lykke til med middagsplanlegginga!

LAKS OG TORSK: Legg omnsbakt laks og torsk inn på vekemenyen. Foto: Synøve Dreyer, Norges sjømatråd.


Ingrediensar (4 porsjonar)

300 g laksefilet, utan skinn og bein

300 g torskefilet, utan skinn og be

400 g grønsaksblanding

400 g pommes frites

3 dl sursøt saus

salt og pepar


Framgangsmåte

Set steikeomnen på 180 °C. Skjer fiskefiletane i like store stykke. Ha grønsaker og pommes frites i en smurt eldfast form og dryss over litt salt og pepar. Legg fisk over grønsakene og dryss over litt salt og pepar. Steik til fisk, grønsaker og pommes frites er ferdig, ca. 15 minutt. Server med sursøt saus og dryss over litt finhakka grasløk om du har det.

Tips:

Om du ønsker ein meir sprø pommes frites kan du gjerne steike den for seg sjølv, etter rettleiinga på pakken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar