torsdag 25. mai 2023

Fish and chips er ein ekte lekkerbisk!

Kva er ein lekkerbisk? Uttrykket kjem frå tysk språk og er satt saman av lecken (å slikke), og bisschen (ein liten bit). Med andre ord er ein lekkerbisk ein ekte godbit. Det må nemnast at uttrykket også kan brukast om pene ting og menneske.

Fisk and chips er populær hurtigmat frå Storbritannina, men også Irland, Australia, New Zealand, Canada og nokre kystbyar i Norge er kjende for denne retten. Knaskande sprø frityrsteikt torsk, med chips og ein frisk tartarsaus er ein ekte lekkerbisk. Dersom du gjer slik som det står i helgas oppskrift og toppar du retten med ertepuré slik som britane, er det berre seie - nyt eller «enjoy»!

TORSK:  Fish and chips er ein ekte lekkerbisk! Foto: Studio Isidor, Norges sjømatråd.

Ingrediensar (4 porsjonar)

700 g torskefilet

salt og pepar


Frityrrøre

240 g kveitemjøl

1 ts salt

3 ts bakepulver

2 ½ dl vatn

frityrolje

 

Tartarsaus

2 stk eggeplomme

1 ts sitronsaft

1 ts dijonsennep

1 fedd kvitløk

2 dl olje

3 stk sylteagurk

3 ss kapers

salt


Ertepuré

400 g frosne erter

50 g smør

salt og pepar

 

Tilbehøyr

pommes frites og sitronbåtar

 

Framgangsmåte

Tørk torskefileten godt og skjer i ønska stykke. Dryss med salt og pepar.

Frityr

Bland saman kveitemjøl, salt og bakepulver og tilsett iskaldt vatn. Rør saman til en jamn røre og la den så få kvile i kjøleskapet i 20 minutt. Varm frityrolje i ei gryte eller ein frityrkokar til 160 °C. Dypp torskestykka i frityrrøra, og la røren renne litt av. Steik stykka i olje, to og to om gongen. La dei steike i ca. 5 minutt til dei er gylne og sprø. Legg dei over på tørkepapir.

Tartarsaus

Rør eggeplomme saman med sitron, sennep og pressa kvitløk. Spe med olje - litt om gangen, medan du rører heile tida. Rør inn hakka sylteagurk og kapers, og smak til med salt.

Ertepuré

Kok ertene og slå av vatnet. Ha smøret i ertene og køyr til ein puré med en hurtigmiksar. Varm opp i ei kasserolle og smak til med salt og pepar.


Servering

Server den frityrsteikte torsken med varm ertepuré, pommes frites, tartarsaus og sitronbåtar.

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar