lørdag 1. september 2018

Grilla laks med mangosalat er enkel, rask og sunn middag


Ferien er over og det er klart for skulestart. Gode kvardagsrutiner skal etablerast og raske, enkle og sunne middagsrettar er ettertrakta når kvardagen innhentar oss. Sjømatkonsumet blant barn og unge er framleis for lågt og Helsedirektoratet sitt kosthaldsråd gjeld framleis, nemlig å velje fisk til middag to til tre gongar per veke.

Ein fiskemiddag kan ein gjere meir spanande med nytt tilbehør og mango er skikkelig godt som middagstilbehør. Mango er ei frukt som stammar frå India og den har søt, tropisk aroma. Mango finn ein i alle fruktdiskar i Norge i dag, og den spesielle kraftige mangosmaken i salaten gjer måltidet til ein smaksfest. Visste du forresten at mango er ei av dei mest etne fruktene i verda etter banan?

Laks er populært, lett tilgjengelig og mange likar smaken. Feit fisk er dessutan vår beste kjelde til omega-3 feittsyrer og vitamin D, og saman med mango som er full av C vitamin, er denne middagen ei vitaminbombe i seg sjølv. God middag!


LAKS: Grilla laks med mangosalat er enkel, rask og sunn middag! Foto: Norges Sjømatråd, Astrid Hals.

INGREDIENSAR

700 g laksefilet, utan skinn og bein
2 ss olivenolje
salt og pepar

MANGOSALAT
1 stk mango
1 potte frisk koriander
1 stk raud chili
4 ss olivenolje
½  stk lime
salt og pepar

FRAMGANGSMÅTE
Skjer laks i serveringsstykke og pensle dei med olivenolje. Grill laksestykka i ca. 2 minutt på kvar side og krydre med salt og pepar.

MANGOSALAT
Skjer mango i bitar. Plukk blada av korianderplanta, og skjer chili i små bitar. Bland mango, korianderblad og chili med olivenolje og limesaft. Smak til med salt og pepar.

Server grilla laks med ris og mangosalat ved sidan av.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar